Tsetsefluer er ein familie av tovinger som lever i Afrika sør for Sahara. Dei er særleg kjende for å vera blodsugarar som stikk, og som smitteberarar av dødelege sjukdommar som afrikansk sovesjuke og nagana.
Namnet tsetse betyr «flue» og kjem frå tswana (eit bantuspråk som blir tala i Sør-Afrika, Botswana, Zimbabwe og Namibia).
Beskriving
Tsetsefluene er om lag dobbelt så store som husfluer, opp til 2 centimeter lange. Dei har munndelane omgjort til ein kraftig spiss, som hjå nokre artar er kraftig nok til å bora gjennom huda på nashorn og elefantar. Som hjå dei fleste andre fluer består antennene av tre ledd, kor det tredje har eit langt følehår (arista) på ryggsida; hjå tsetsefluene er arista dessutan dekt av mindre hår og får eit fjørpreg. Vengene kan brettast over kvarandre og blir haldne over bakkroppen i kvile, og i vengemønsteret er den sokalla diskalcella karakteristisk forma som ei kjøtøks.
Levevis
Begge kjønn tsetsefluer er blodsugarar. Ulike artar ser ut til å spesialisera seg på ulike vertar, men dei fleste ser ut til å foretrekka svin.
Det er berre eitt egg som blir utvikla om gongen ved formeiring. Larva går gjennom tre hudskifter inne i bakkroppen til mora og får næring av eit mjølkeaktig sekret som ho produserar i eigne kjertlar. Etter det tredje hudskiftet vert larva «fødd» og grev seg umiddelbart ned i jorda og blir forpuppa.
Sjukdom
Tsetsefluer er overførarar av blodparasittar (trypanosomer) som framkallar dødelege sjukdommar hos menneske og husdyr. Afrikansk sovesjuke har tidlegare vore årsaka til større epidemiar i store område av Afrika, og i visse strøk har sjukdommen nagana umogleggjort husdyrhald. Antakeleg er storvilt, kanskje også andre dyr, berarar av smitte for denne sjukdommen, og bekjempinga er svært vanskeleg.
Utrydding av eller reduksjon av talet tsetsefluer (også kalla vektorkontroll, sjå vektor), inngår som ein viktig del av kampen mot sovesjuke, og dei viktigaste metodane som blir nytta, er bruk av akseptable insekticid og spesielle feller til fangst av fluene.
Systematikk
Det er kjend 23 nolevande artar av tsetsefluer, alle i Afrika sør for Sahara; to av artane finnest òg i sørlege delar av den arabiske halvøy. I tidligare tider var familien vidare utbreidd, då det finnest fossil av tsetsefluer i Paleogene lag frå både Tyskland og Nord-Amerika.
Dei næraste slektningane til tsetsefluene er lusefluer, som på same måte som tsetsefluene har mesteparten av larveutviklinga i mors abdomen. Saman med tre lusefluefamiliar dannar tsetsefluene gruppa Hippoboscoidea, som høyrer til i gruppa Calyptrata blant dei høgare fluene.