Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                
Versj. 33
Denne versjonen ble publisert av Semiautomatisert oppdatering 31. mai 2024. Artikkelen endret 0 tegn fra forrige versjon.

Blåveis er ei fleirårig urt i soleiefamilien. Han er ein vanleg vårblom.

Blåveis, eller blåsymre, er om lag 10 cm høg og har tjukke, vintergrøne, djupt tredelte blad med breie flikar. Blomane har 5–9 blå blomeblad, og sit enkeltvis på ein lang stilk. Stengelen bøyer seg ned i fruktstadiet, og dei mange smånøttene som vert danna med elaiosom vert spreidde av maur.

Blåveis er vanleg i skog og kratt på kalkrik grunn på Austlandet og i Trøndelag, men manglar nesten heilt på Vestlandet.

Planta er fylkesblom i Akershus fylke, og variantar av blåveis vert dyrka i hagar. I eldre tid vart planta nytta som medisinplante mot leversjukdommar. I folkemedisinen har uttrekk av blåveisblad vore nytta mot bronkitt og som urindrivande middel.

«Blåveispiken» er ei kjent vise av Arne Paasche Aasen som opnar slik: «Jeg går og rusler på Ringerike, på stille stier jeg sjelden går. Da kommer mot meg en liten pike, en lubben unge på fem, seks år. Hun bærer blåveis i sine hender»