Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                
Blåveis (Hepatica nobilis) Anemone hepatica
Blåveis. Hepatica nobilis. Anemone hepatica
Foto av blåveis

Blåveis

Lisens: Avgrensa gjenbruk

Blåveis er ei fleirårig urt i soleiefamilien og er ein vanleg vårblom.

Faktaboks

Også kjend som
blåsymre
Vitskapeleg namn
Hepatica nobilis
Beskriven av
Philip Miller
Raudlistestatus i Noreg
LC – Livskraftig

Skildring

Blåveis, eller blåsymre, er om lag ti centimeter høg og har tjukke, vintergrøne, djupt tredelte blad med breie flikar. Blomane har fem til ni blå blomeblad, og sit enkeltvis på ein lang stilk. Stengelen bøyer seg ned i fruktstadiet, og dei mange smånøttene som vert danna med elaiosom vert spreidde av maur.

Utbreiing

Blåveis er vanleg i skog og kratt på kalkrik grunn på Austlandet og i Trøndelag, men manglar nesten heilt på Vestlandet.

Bruk

Planta er fylkesblom i Akershus fylke, og variantar av blåveis vert dyrka i hagar. I eldre tid vart planta nytta som medisinplante mot leversjukdommar. I folkemedisinen har uttrekk av blåveisblad vore nytta mot bronkitt og som urindrivande middel.

Freding

Blåveis er ikkje freda, og det er lov å plukke blomane så lenge ein ikkje er i eit verneområde som har bestemming om plantefreding.

Songar

«Blåveispiken» er ei kjent vise av Arne Paasche Aasen som opnar slik: «Jeg går og rusler på Ringerike, på stille stier jeg sjelden går. Da kommer mot meg en liten pike, en lubben unge på fem, seks år. Hun bærer blåveis i sine hender ...»

Systematikk

Nivå Vitenskapelig navn Norsk navn
Rike Plantae planteriket
Rekke Magnoliophyta blomsterplanter, dekkfrøingar, dekkfrøete planter
Klasse Eudicots tofrøbladete planter
Orden Ranunculales soleieordenen
Familie Ranunculaceae soleiefamilien
Slekt Hepatica blåveisslekta
Art Hepatica nobilis blåveis

Systematikken følger Artsdatabankens inndeling (2024).

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Hepatica nobilis
Tidlegare vitskapleg namn
Hepatica triloba Gilib., Anemone hepatica L.
Artsdatabanken-ID
103127

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg