Østerstyv er ein brunalge i ordenen Ectocarpales som dannar hule og gassfylte kuler, inntil 20 centimeter i diameter. Han veks på større alger, stein og skjell i nedre del av tidevass-sona eller rett nedanfor.
Faktaboks
- Vitskapeleg namn
- Colpomenia peregrina
- Beskriven av
- Sauvageau
- Framandartstatus i Noreg
- PH – Potensielt høy risiko
Namnet har østerstjuv fått fordi han kan veksa på østers. Ved fjøre blir algen luftfylt, og ved høgvann får han så stor oppdrift at han kan driva av garde med østersen.
Østerstjuv er ein art som ikkje høyrer naturleg heime i Nord-Europa. Algen kom til Europa frå det nordlege Stillehavet i begynnelsen av 1900-talet, og har stadig spredt seg. I Noreg blei østerstjuv funne ved Bergen første gong i 1933, og er no (2024) registrert frå Vestfold til Nordland.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.