Arnfinn Bruflot
Faktaboks
- Fødd
- 19. oktober 1904, Naustdal, Sunnfjord
- Død
- 1999, Tacoma, Washington, USA
Bakgrunn
Arnfinn Bruflot tok examen artium ved Firda Gymnas i 1927 og reiste året etter til Amerika og slo seg ned i Tacoma, Washington. Der hadde han mange slags yrke. Lengst arbeidde han som målar, men han var òg redaktør og journalist i den norskspråklege avisa Western Viking. Bruflot var òg aktiv i Vinlands Mållag, der han sat i styret, og han var redaksjonsmedlem i avisa Ny Verd (1972–81), som dette mållaget gav ut.
Forfattarskap
Før han reiste til Amerika, fekk han publisert nokre få dikt i ulike aviser, men det var ikkje før han nærma seg pensjonistalderen at han tok til å skrive for alvor. Bortsett frå nokre få dikt på engelsk har alt han har skrive, vore på nynorsk. Bruflot debuterte i 1969 med diktsamlinga Junibåten, og han har til saman gitt ut fem diktsamlingar og ein roman, Inn i Amerika (1980). Alle bøkene er publiserte i Noreg, sjølv om han budde i USA medan han skreiv dei.
Tema
Diktinga til Bruflot er på mange måtar ulik den tidlege norskamerikanske litteraturen. Hos han finn vi verken fedrearvsproblematikk, generasjonskonflikt eller moraliserande og didaktiske innslag. Sjølv om Bruflot kan vere ganske kritisk til det amerikanske samfunnet, er det likevel eit harmoniserande amerikabilete som vert rådande til slutt. Det er tematisk likskap mellom romanen og diktsamlingane til Bruflot. Både romanen og dei fleste dikta hans er prega av opplevingane og refleksjonane til ein immigrant. Bruflot er ein skarp observatør, og mange av dikta har visuelle trekk. Lesaren ser føre seg prærien, heimbygda i Noreg eller farmen i Amerika. Generelt er dikta til Bruflot enkle både i form og innhald. På grunn av den forteljande forma har mange av dei eit episk preg. Den siste diktsamlinga hans, På andre sida av havet, kom ut i 1986.
Les meir i Store norske leksikon
Eksterne lenker
Litteratur
- Sunde, A. (1990): «Arnfinn Bruflot. Norskamerikansk etterkrigsforfattar», i Øyvind T. Gulliksen, Ingeborg R. Kongslien og Dina Tolfsby, red.: Essays on Norwegian-American Literature and History, Volume II. Oslo: NAHA-Norway
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.