Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                

Faktaboks

Administrasjonssenter
Fylke
Telemark
Innbyggjartal
10 904 (2024)
Landareal
487 km²
Høgaste fjell
Jøronnatten (1275 moh.)
Innbyggjarnamn
bøhering/sauhering/neshering
Målform
nynorsk
Kommunenummer
4020 (frå 2024, tidl. 3817)
Kommunevåpen
Kart: Midt-Telemark kommune i Telemark

Midt-Telemark kommune i Telemark fylke.

Kart: Midt-Telemark kommune i Telemark
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0
Sauherad

Utsikt over tettstaden Gvarv med Gvarvelva (Bøelva) før utløpet i Norsjø.

Av /KF-arkiv ※.

Midt-Telemark er ein kommune i Telemark. Kommunen vart oppretta 1. januar 2020 ved samanslåing av kommunane og Sauherad. Samtidig vart grunnkrinsane Angard og Hjuksebø overført frå Sauherad kommune til Notodden kommune.

Kommunen grensar i nord til Notodden, i aust til Kongsberg, i sør til Skien og Nome og i vest til Seljord. Kommunen omfattar to av daldraga til Skiensvassdraget der desse munnar ut i Norsjø. Mest utbygd er Bøelvas dalgang mellom Norsjø og Seljordsvatnet, tilsvarande tidlegare Bø kommune. Sauherad er bygdene langs elva Saua mellom Norsjø og Heddalsvatnet. I nord når kommunen opp til Lifjell. Kommunen har eit samla areal på 584 kvadratkilometer, og 36 kvadratkilometer er ferskvatn.

Natur

Nes kirke - Sauherad

Frå Nesodden i Sauherad. Nes kyrkje er ei av kommunens tre mellomalderkyrkjer i stein.

Nes kirke - Sauherad
Av /Arfo forlag.

Midt-Telemark kommune omfattar to dalføre, i aust Sauherad med Heddalsvassdraget (Heddalsvatnet 16 meter over havet og Norsjø 15 meter over havet), i vest Seljordsvassdraget med bygdene Nes og Bø. I den austlege delen av kommunen dannar permiske djupbergartar eit kupert skog- og fjellområde 500–800 meter over havet med Vardefjell (814 meter over havet) som det høgaste. Den vestlege delen høyrer til det sørnorske grunnfjellsområdet med mykje harde bergartar som granitt og kvartsitt.

Landskapet er kjenneteikna av den vide hovuddalen med Bøelva og skogkledde dalsider og fjell. Godt klima med høge sommartemperaturar gjer at skoggrensa her ligg nær 1000 meter over havet. Den høgaste fjelltoppen er Jøronnatten på Lifjell, 1275 meter over havet, på grensa til Notodden og Seljord kommunar.

Marine lausmassar opp til cirka 150 meter over havet gir fruktbar dyrkingsjord i eit klima som er gunstig for åker- og hagevekstar. I dalane er det store sand- og grusavsetningar, til dømes Eikjamoen og Folkestadmoen om lag 155 meter over havet like nord for Bø. Elles finst sand- og grusavsetningar i ulike trinn, avsett etter kvart som innlandsisen smelta ned og landet steig.

Tre prosent av kommunens areal er verna som naturreservat.

Klima

Midt-Telemark har eit moderat innlandsklima med varm sommar og kald vinter. I Gvarv er årsmiddeltemperaturen 6,4 grader med månadsmiddel minus 2,8 grader i januar og 16,9 grader i juli. Gvarv er elles kjent for å kunne få svært varme dagar om sommaren. Årsnedbøren er 788 mm med februar som tørraste og august som mest nedbørrike månad.

Befolkning og busetjing

Folketalsutvikling i Bø og Sauherad.

Folketal

1951 7826
1952 7852
1953 7799
1954 7758
1955 7687
1956 7617
1957 7576
1958 7568
1959 7596
1960 7547
1961 7580
1962 7595
1963 7604
1964 7608
1965 7629
1966 7644
1967 7629
1968 7696
1969 7805
1970 7833
1971 7789
1972 7836
1973 7881
1974 7925
1975 7998
1976 8099
1977 8189
1978 8306
1979 8383
1980 8474
1981 8557
1982 8661
1983 8733
1984 8833
1985 8902
1986 8845
1987 8921
1988 9035
1989 9113
1990 9089
1991 9097
1992 9132
1993 9139
1994 9136
1995 9182
1996 9211
1997 9201
1998 9246
1999 9367
2000 9375
2001 9467
2002 9519
2003 9583
2004 9524
2005 9572
2006 9598
2007 9610
2008 9702
2009 9792
2010 9865
2011 10017
2012 10080
2013 10160
2014 10159
2015 10323
2016 10439
2017 10565
2018 10819
2019 10923
2020 10444
2021 10461
2022 10539
2023 10735
2024 10904
Kilde: Statistisk sentralbyrå

Midt-Telemark har gjennom lang tid hatt vekst i folketalet. I tiårsperioden 2015–2024 auka folketalet med 5,6 prosent, mot 3,0 prosent i Telemark fylke. All vekst er skjedd i kommunesenteret Bø og den vestlege delen av kommunen, medan folketalet i Sauherad har halde seg uendra.

Halve befolkninga bur i tettstadene , Gvarv, Folkestad og Nordagutu. Busetjinga elles er konsentrert om dei to hovuddalføra frå Norsjø nordover til Heddalsvatnet og vestover mot Seljordsvatnet.

Tettstader

Ifylgje definisjonen til Statistisk sentralbyrå er det fem tettstader i Midt-Telemark. Tettstadene er til saman 6,2 km², og omfattar 1 % av arealet i kommunen.

Tettstad Innbyggjarar Andel* Areal
3 696 34 % 3,5 km²
Gvarv 1 096 10 % 1,3 km²
Folkestad 394 4 % 0,7 km²
Nordbøåsane 376 3 % 0,3 km²
Nordagutu 316 3 % 0,4 km²
Sum 5 878 54 % 6,2 km²

* Andelen av innbyggjarane i Midt-Telemark kommune som bur i tettstaden.

Næringsliv

Arbeidsplassar i Midt-Telemark
Av /SSB.
Lisens: CC BY 2.0

Ein brei dalgang og store flate område med skog og fjell omkring og dessutan eit stabilt klima gir eit godt grunnlag for kornproduksjon, husdyrhald og fruktdyrking. Delar av industrien er direkte knytt til verksemder innan jord- og skogbruk. Vel to tredelar av jordbruksarealet blir nytta til korndyrking. På Gvarv ligg Telemark Skogplanteskule.

Kommunesenteret Bø har sidan 1970-åra vakse fram som som handels-, service- og skulesentrum med eit breitt tilbod av privat og offentleg tenesteyting. Universitetet i Sørøst-Norge har avdeling i Bø som gir ringverknader i næringslivet og lokalsamfunnet elles, og om lag 3000 studentar er med på å prege staden. Telemarkforsking i Bø er eit sjølvstendig regionalt forankra forskingsinstitutt med kundar og prosjekt over heile Noreg. Instituttet har nasjonal spisskompetanse innan kulturforsking, natur- og kulturbasert nyskaping, kommuneøkonomi og kommunestruktur, regional utvikling, og helse- og velferdsforsking.

Det er turisttrafikk i Lifjellområdet både sommar og vinter, og kommunen har mange hytter og fleire hotell og campingplassar. Fritidsparken Bø Sommarland, som ligg cirka fem kilometer nord for kommunesenteret, er Skandinavias største vasspark. I sommarhalvåret trafikkerer turistbåten MS Telemarken Norsjø mellom Akkerhaugen og Ulefoss.

Midt-Telemark har lite vasskraftproduksjon. Dei tre vasskraftverka i kommunen produserer til saman 6,68 gigawattimer i året (gjennomsnitt 1993-2020). Det største kraftverket er Oterholtfoss (i drift fra 1932), som står for om lag tre fjerdedeler av vasskraftproduksjonen.

Samferdsel

Sørlandsbanen går gjennom kommunen med stasjon i Bø og Nordagutu. Bratsbergbanen fører frå Nordagutu til Skien og Porsgrunn. Hovudvegsambandet gjennom kommunen er riksveg 36 mellom E18 i Grenland over Gvarv og Bø til E134 i Seljord. Fylkesveg 360 fører frå Gvarv gjennom Sauherad til Notodden i nord. Frå Bø fører fylkesveg 359 gjennom Eikjabygda til Lunde i sør. Det er også veg mot nord over fjellet til Notodden. Tidlegare var vassdraget ei viktig ferdselsåre, og det er framleis noko lektertransport på Norsjø.

Administrativ inndeling og offentlege institusjonar

Universitetet i Sørøst-Norge har ei avdeling i Bø. Her finst også Bø vidaregåande skule.

Midt-Telemark hører til Sør-Øst politidistrikt, Telemark tingrett og Agder lagmannsrett.

Kommunen er med i regionrådet Midt-Telemarkrådet saman med Nome kommune.

Midt-Telemark kommune svarar til sokna Bø og Sauherad/Nes i Øvre Telemark prosti (Agder og Telemark bispedømme) i Den norske kyrkja.

Mot slutten av 1800-talet høyrde Midt-Telemark til Nedre Telemarken fogderi i Bratsberg amt.

Historikk og kultur

Spill og dans
Midt-Telemark har sterke folkemusikk- og folkedanstradisjonar. Halfdan Egedius måla Spill og dans i Bø i 1896.
Av .
Skjerter

Den staselege beltestakken er Midt-Telemarks kvinnebunad.

Skjerter
Av .

Bø Bygdemuseum på Oterholt er eit friluftsmuseum med blant anna felemakarverkstad, folkedraktutstilling og landhandlarmuseum. Østerli bygdetun på Lifjell har utstilling og sal av lokal husflid og handverk. Kommunen har fleire aktive spelemannslag. På Akkerhaugen ligg ein skulpturpark. Gullbring kulturanlegg frå 1994 har symje- og idrettshall, konsert- og teatersal, galleri og kino. Telemarkhallen med innandørs fotballbane opna i 1995. Bø Sommarland er eit fritids- og badeanlegg.

Kvart år blir det arrangert to festivalar i kommunen: Sommarlandfestivalen, for kor, korps og orkester, og Telemarkfestivalen, som er ein internasjonal folkemusikkfestival.

Kommunen har fem kyrkjer; Bø gamle kyrkje, truleg frå 1100-talet, og Bø nye kyrkje frå 1875 ligg begge på Bøhaugen ovanfor Bø sentrum. Nes kyrkje i Sauherad er frå 1100-talet, og kjent for kalkmåleria sine. På Lifjell ligg Jønnbu fjellkyrkje.

Den mest lesne avisa i kommunen er Varden. Avisa har hovudkontor i Skien, kjem ut alle kvardagar og dekkjer heile fylket. Avisa kom med det første nummeret i 1874 og vert redigert på bokmål. Sidan 1948 har Varden kvar veke hatt tillegget Telemark Tidend, der alle artiklane er på nynorsk.

Kommunevåpen

Kommunevåpenet viser i blått tre hardingfeler i gull. Våpenet viser til dei sterke spelemanns- og felemakartradisjonane i kommunen.

Kart

Kart over Midt-Telemark kommune
Kart over Midt-Telemark kommune
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg