Gvarv er ein tettstad i Midt-Telemark kommune i Telemark. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 1,3 km², og har 1096 innbyggjarar (2023).
Gvarv ligg 7 kilometer aust for Bø, ved riksveg 36 Porsgrunn–Skien–Seljord. Gvarv var ein stasjon på Sørlandsbanen, men har ikkje lenger togstopp.
Tettstaden har småindustri, mellom anna sagbruk. Her ligg Sagavoll folkehøgskule, som vart etablert i 1893 på Notodden, men som i 1914 flytta til Gvarv. Telemark Skogplanteskule er lokalisert i Gvarv. Gvarv er kjent for høge sommartemperaturar og er eit sentrum for frukt- og bærproduksjon.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.