Astri Frisak var ein norsk frøavlsekspert og politikar. Ho var ekspert på avl av hagebruksfrø og avdelingssjef ved Statens frøkontroll.
Astri Frisak
Faktaboks
- Fødd
- 28. oktober 1883, Ålesund, Møre og Romsdal
- Død
- 5. mai 1978, Frogn (Drøbak), Akershus
- Verke
- Frøavlsekspert og politikar
Bakgrunn
Frisak tok examen artium i Ålesund i 1904. I 1909–1910 var ho i gartnerilære i Kristiania. Deretter arbeidde ho tre år i frøfirma i Danmark. Ho tok hagebruksutdanning, først ved Sem landbruksskole i 1913–1915 og deretter Norges landbrukshøgskole (NLH) i Ås i 1915–1917. I 1917–1919 var ho Hirschfond-stipendiat ved NLH med hagefrøavl som spesialfelt, deretter frøavlskonsulent i Norsk Frø A/S.
Vitskapleg arbeid
I 1920–1923 var Frisak høgskulestipendiat i frøavl ved NLH. Der gjennomførte ho ei vitskapleg gransking av samanheng mellom ytre karakterar og spireevne hos frø. Etter eit par år ved Statens frøkontroll reiste ho i 1927 til USA og arbeidde ved ulike frøkontrollstasjonar og ved Boyce Thompson Institute. I 1931 vart ho avdelingssjef ved Statens frøkontroll i Ås og var med på å byggje opp ein institusjon i sterk vekst. Ho pensjonerte seg i 1948, 65 år gamal.
Som frø- og frøavlsekspert hadde Frisak god kontakt med kollegaer i Europa og fekk fleire reisestipend, med mellom anna tre månader ved det kjende landbruksuniversitetet i Wageningen, Nederland i 1924.
I 1921 vart det utlyst ei fondfinansiert oppgåve om å skrive ei lærebok i frøavl. Premien vart delt mellom Frisak og ein annan, men den andre fekk i tillegg 1000 kroner for å få boka trykt. Eit argument mot manuskriptet til Frisak var at det var skrive for større forhold enn det norske. Boka Frøavl av grønnsaker og rotvekster vart først gitt ut i 1943, då behovet for norskavla frø var svært stort. Det første manuskriptet var trykt utan omfattande omskriving. Boka kom i nytt opplag i 1945 og er framleis eit standardverk.
Frisak skreiv òg mange artiklar i fagtidsskrifta om frøavl og frøkontroll, og saman med tre andre skreiv ho ei vanleg hagebok. Den siste boka ho skreiv, Plantene i Bibelen, kom ut med støtte frå Norges landbruksvitenskapelige forskningsråd i 1969. Boka vart til etter nokre kåseri ho heldt i NRK i byrjinga av 1960-åra.
Andre verdskrigen
Frisak vart tidleg klar over faren med nazismen i Tyskland. Ho var med i Norsk kvinneliga for fred og frihet, og frå 1934 heldt ho foredrag og var med på appellar om hjelp til jødiske flyktningar.
Etter ein tur i Tyskland i 1939 sende ho ein kritisk artikkel om det Hitler-styrte Tyskland til Aftenposten, men av omsyn til vener i Tyskland ville ho vere anonym. Artikkelen vart ikkje teken med, då ho ikkje fekk vere anonym. 17. mai 1943 plasserte ho små norske flagg i ei blomsterpotte i eit vindauge. Dette vart rapportert av ein frontkjempar, og resulterte i bot.
Anna engasjement
I 1922 vart Frisak den første kvinnelege formannen i Studentsamfunnet i Ås i eit elles mannsdominert studentmiljø. Fram til 1970 var ho den einaste kvinnelege leiaren. Interessa for organisasjonsarbeid kom også fram ved at ho fekk skipa Hagebrukarlaget ved NLH i 1917.
I 1939 fekk Frisak liv i Ås venstrelag, og ho var formann der i 12 år og seinare i Drøbak. Ho sat i kommunestyret både i Ås og i Drøbak. Ho var aktiv også på landsplan og var fleire gonger på foredragsturné for Venstrekvinnene og var styremedlem i Norsk kvinnesaksforening. Som pensjonist var ho medlem av Foreningen Norden og reiste i fleire år rundt i landet med lysbiletforedrag om Island og Færøyane.
Utgjevingar
- Korrelasjon mellem frøets ytre præg og dets spirings- og plantefrembringelsesevne, i Meldinger NLH, 1923
- Hagebok for villaeiere (saman med O. Moen, J. Smith og H. B. Fürst), 1942
- Frøavl av grønnsaker og rotvekster, 1943 og 1945
- Frøavl av sommerblomster, 1951
- Plantene i Bibelen med legender, myter og sagn, 1969
Les meir i Store norske leksikon
Litteratur
- B. Karlgård og B. Ljones: Ås-studenter i hundre år. 1864–1964, Vollebekk 1964
- L. Røed: Ås-bygda rundt, bd. 3, Ås 1997, s. 52–53
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.