Bergljot Kaslegard er ein norsk forfattar og litteraturformidlar frå Ål i Hallingdal. I fleire av bøkene sine skriv ho med djup innleving om alderdom og tilbakeblikk på livet slik det vart.
Bergljot Kaslegard
Faktaboks
Bergljot Kaslegard Nordal
- Fødd
- 15. oktober 1976, Ål i Hallingdal

Bakgrunn
Bergljot Kaslegard er fødd i Ål i Hallingdal. Ho er utdanna ved Norsk barnebokinstitutts forfattarlinje og har ein mastergrad i litteraturformidling frå Universitetet i Oslo.
Forfattarskapen
I 2009 debuterte Kaslegard som forfattar med romanen Magda, under namnet Bergljot K. Nordal. Etter den tid har ho gitt ut fleire romanar: Ruts bok (2012), Det ingen har fortalt deg (2013), Bare la meg være i fred (ungdomsroman, 2016), Det som nesten er sant (2017) og Elvira har klikka (2025). Dessutan gav ho ut diktsingelen Slik på Flamme Forlag i 2014. I tillegg til skrivinga arbeider Kaslegard som pianolærar.
I tre av vaksenromanane har Kaslegard skrive om eldre menneske, og ho skriv seg inn i sjangeren «personleg minnelitteratur». Dei tre bøkene heng lausleg saman, fordi dei alle handlar om Magda og mannen hennar, Bodvar, og venninna Rut. I den første boka er Magda hovudperson, medan Rut er den sentrale i Ruts bok. I Det som nesten er sant følgjer vi tankane til halvt demente Bodvar, som framleis slit med minnet om faren som forsvann for familien då Bodvar var ung. I alle tre bøkene viser Kaslegard stor evne til å leve seg inn i tankeverda til eldre menneske.
Dei tre første bøkene skreiv Kaslegard på nynorsk, medan ho seinare har brukt bokmål.
Utmerkingar
Bibliografi
- Elvira har klikka (Roman, Tiden, 2025)
- Det som er nesten sant (Roman, Tiden, 2017)
- Bare la meg være i fred (Ungdomsbok, Aschehoug, 2016)
- Slik (Lyrikk, Flamme, 2014)
- Det ingen har fortalt deg (Roman, Tiden, 2014)
- Ruths bok (Roman, Tiden, 2012)
- Magda (Roman, Tiden, 2009)
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.