Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                

Faktaboks

Eva Nordland
Fødd
3. januar 1921, Bærum
Død
19. oktober 2012, Bærum
Verke
Pedagog og fredsaktivist
Familie

Foreldre: Sokneprest Hans Bauge (1889–1967) og Ester Egede Nissen (1894–1992).

Gift 1944 med professor Odd Nordland (19.3.1919–22.12.1999), son av overlærar Lars Nordland (1874–1954) og Larsine Wergeland (1885–1961).

Eva Nordland

Bilete frå Norsk biografisk leksikon

Eva Nordland
Av /NTB Scanpix ※.

Eva Nordland var ein norsk pedagog. Ho spelte ei særleg aktiv rolle i den fagpolitiske pedagogiske debatten i 1970-åra og stilte seg i spissen for eit eige sosialpedagogisk studiealternativ ved Universitetet i Oslo (1974–1988).

Den faglege innsatsen hennar førte til at undervisning og forsking i pedagogikk som universitetsfag blei tydelegare prega av sosialpsykologi og sosiologi enn før. Metodeteoretisk bidrog ho sterkt til at det hermeneutiske vitskapsidealet fekk ein sterkare posisjon innan faget.

Bakgrunn

Nordland blei mag.art. i 1947 og dr.philos. i 1955. Hennar faglege inspirasjonskjelder var professorane Helga Eng og Heinrich Hanselmann. Ho blei universitetslektor i pedagogikk ved Universitetet i Oslo i 1956, dosent i 1963 og professor frå 1985 til 1991. Ho var professor i psykologi ved Århus universitet i 1970–1972.

Pedagogisk karriere

Frå folkeskule til grunnskule

Frå tidleg på 1950-talet var Nordland ein viktig pedagogisk-fagleg støttespelar for Arbeidarpartiet, ikkje minst gjennom Nordlands nære venn Helge Sivertsen. Arbeiderpartiets og Eva Nordlands planer for skoleutvikling var "svært sammenfallende" (Helsvig, 2021)

Under Sivertsen og Nordlands kraftfulle samspel mellom politikk og sakkunne, og med Forsøksrådet for skuleverket som villig fødselshjelper, blei folkeskulen og realskulen gjort om til ein felles niårig grunnskule. Yrkesskulane og det tidlegare teoretisk orienterte og universitetsførebuande gymnaset blei erstatta av den allsidige vidaregåande skulen. Etter den nye lærarutdanningslova i 1973 fekk høgskuleutdanna allmennlærarar med sin breie pedagogiske kompetanse ein stadig viktigare posisjon i grunnskulen på kostnad av dei universitetsutdanna lektorane og adjunktane med sin sterkare fagkompetanse. Med allmennlærarane som kunne undervise i alle fag fekk einskapsskulen no sin eigen lærarstand.

Sosialpedagogisk utdanning

Frå 1973 var Nordland vitskapleg leiar for det nystarta sosialpedagogiske studiealternativet ved Universitetet i Oslo. Dette studietilbodet kjempa ho fram saman med studentar og yngre medarbeidarar. Det sosialpedagogiske studiet var ei følgje av langvarig strid og opposisjon mot eit positivistisk prega pedagogikkfag. Universitetet gav sosialpedagogikken posisjon som eit alternativ til det tradisjonelle pedagogikkstudiet.

Det nye studiet var prega av studentsentrering, metodefridom, samfunnsengasjement og relevansvurdering i høve til barns og unges oppvekst og læring. Studentanes faglege engasjement og pedagogiske interesser blei sett i fokus, og det vart lagt stor vekt på prosjekt- og gruppearbeid. Det tradisjonelle karaktersystemet vart òg avskaffa. I staden blei det gjennomført ei godkjenningsordning, tilsvarande den som gjeld ved magister- og doktorgraden og mellom anna ved svenne- og meisterprøva.

I 1990 var Nordland ein av initiativtakarane til Den sosialpedagogiske høgskulen, der ho som leiar utførte ein ny pionerinnsats.

Det kultiverte mennesket

Begrepet om «det kultiverte mennesket» stod sentralt i Nordlands pedagogiske tenking. Ho understreka støtt og stadig at den viktigaste oppgåva til skulen var å dyrke fram ei fellesskapskjensle som ville gi grunnlag for tryggleik, vekst og utvikling. «Selv om resultatet av denne skolepolitikk», skreiv Eva Nordland i det som nærmast må betraktast som sjølve formålsparagrafen for dei store skulereformene frå slutten av 1950-åra til midten av 1970-åra, «i første omgang, eller kanskje til og med varig, skulle bli noe mindre innsats på det teoretiske og produksjonsmessige felt, så vil heller ikke dette være en avgjørende innvending mot den mer omfattende målsetting. Mennesket trenger nå i det hele å gå inn i en periode med mer vekt på sine sosiale og kunstneriske aspekter og muligheter».

I tiåra etter lærarutdanningslova frå 1973 var det stor diskusjon om lærarutdanninga der mange meinte at denne reforma hadde medverka til senking av kunnskapsnivået i skolen, særlig i realfaga. Blant kritikkpunkta var dei låge optakskrava til allmennlærarutdanninga, og svake karakterar i norsk i lærarutdanninga. Matematikk var ikkje obligatorisk fag og på ungdomstrinnet i skolen hadde mest ingen lærarar faglig bakgrunn i fysikk, kjemi og biologi

Styreverv og organisasjonsarbeid

Nordland har vore leiar av Kringkastingsrådet, Lærerutdanningsrådet og Rådet for konflikt- og fredsforsking, og ho var leiar av ungdomsutvalet til regjeringa i 1972–1976. Ho har vore norsk og skandinavisk representant på utdanningsspørsmål i internasjonale organisasjonar og rådgivar for fleire land.

Fredsarbeid

Nordland deltok i freds- og nedrustingsarbeid og var medstiftar av organisasjonane Nei til atomvåpen (1979) og Kvinner for fred (1980). Ho stod sentralt i gjennomføringa av dei internasjonale fredsmarsjane i 1981 (København–Paris), 1982 (Stockholm–Moskva) og 1983 (New York–Washington). Ho var leiar i Noregs Fredslag i 1986–1990.

I mange år arbeidde ho for å utvikle og gjennomføre fredsprosjekt i austeuropeiske land, særleg i Russland og Ukraina. I 1992 fekk ho den nordiske Kjetter-prisen for sitt arbeid for fred, og i 2000 fekk ho Zola-prisen for sivilt mot.

Forfattarskap

Nordland gav over 50 fagbøker, som for ein stor del byggjer på eiga forsking, og eit stort tal fag- og debattartiklar. Den foreløpig siste boka kom ut 2000 med tittelen Skritt på en vei. Hennar produksjon er prega av djerve problemstillingar og av vilje til å gå nye vegar og til tverrfaglege tilnærmingar, med mellom anna nært samarbeid med fagfolk innan medisin, kriminologi og fredsforsking. Hennar siste forskingsarbeid, som starta i 2001, var eit studium av kvinner i norske fengsel, med formål å kunne utvikle vilkår for ei framtid med “selvaktelse”.

Referanser

  • Ungdomspsykologi. Tilpasningsproblemer i ungdomsalderen, 1949
  • Sammenheng mellom sosial atferd og oppdragelse med en studie av foreldreholdningen som særskilt faktor, dr.avh., 1955
  • Verdier i gammel og ny skole. Fra debatten om reform i skolen i svenske aviser 1920–1956, 1958
  • Psykologi og mentalhygiene, 1968
  • Samfunn og samtid (sm.m. O. Nordland), 2 bd., 1969
  • Pedagogisk psykologi, Stockholm 1972
  • Ungdom i Norge. Om ungdomskultur og ungdomsproblemer i by- og bygdesamfunn, 1979
  • Fredsrøtter. En håndbok i fredsarbeid (sm.m. Tulle Elster), 1982
  • Fremtid for vår jord. Fra atomvåpen til internasjonal sameksistens, 1983
  • Spesialpedagogikk. Gruppen som redskap for læring og utvikling, 1985
  • Miljøpedagogikk. Oppdragelse for et bedre samfunn, 1986
  • Skritt på en vei, 2000

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Helsvig. K. (2021:. "Det lange 1968 i norsk pedagogikk og skole". I Dørum, K., Tønnesson, Ø. og Vaags, R. H.: Arven etter 1968. Oslo:Universitetsforlaget
  • Jarning, Harald: «Eva Nordland – mellom psykologisk og samfunnsrettet pedagogikk» i Thuen, Harald og Vaage, Sveinung (red.): Pedagogiske profiler (2004) 321–341

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg