Hans Fykerud
Faktaboks
Hans Hanson Fykerud den yngre
- Fødd
- 20. november 1862, Sauherad, Midt-Telemark
- Død
- 27. oktober 1942

Bakgrunn
Hans Hanson Fykerud var fødd i Sauherad i Bratsberg amt (Telemark). Kjeldene fortel lite om læremeistrar, men han har sannsynlegvis lært felespel av far sin, spelemannen Hans G. Fykerud den eldre («Gamle-Hans», 1823–1879), og fått musikalske impulsar av mora, fløytespelaren Torbjørg Fykerud.
Folkemusikken
Hans Fykerud og den meir kjende broren Lars Fykerud var mellom dei første som gjorde konsertspel til ein leveveg mellom felespelarar. Han skapte ein ny konsertsjanger, der han opptredde i ein sjølvlaga konsertbunad, sette nye namn på slåttane og prenta program. Han gjennomførte fleire turnear på Aust- og Vestlandet i Noreg, seinare også i USA.
I tillegg til tradisjonsstoff frå Telemark framførte han ofte nyskrivne nasjonalromantiske programstykke, som «Budeiene på Vikafjell» av Sjur Helgeland. Spelet til Fykerud låg på eit teknisk avansert nivå og var høgt verdsett av spelemenn som Helgeland.
Fykerud budde ein lang periode av livet sitt i USA (ca. 1890–1937), der han livnærte seg ikkje berre som spelemann, men òg som krovert.
Les meir i Store norske leksikon
Litteratur
- Arne Bjørndal og Brynjulv Alver: – og fela ho lét. Norsk spelemannstradisjon. Bergen 1966
- Torleif Trykkerud: «Hans Hanson Fykerud», Årbok for norsk folkemusikk. 1994
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.