Riise er utdanna ved Statens teaterhøgskole, som ho vart uteksaminert frå i 1986. Ho har gjort seg merka i musikkteatersamanheng, mellom anna som Hodel i Spelemann på taket (1987) og gjøglaren i Sankt Olavs Skrin av Edvard Hoem (1990), og dessutan i sentrale roller i Terje Rypdals Phantasma (2003), i Vreeswijk-kabareten Dansa samba med meg (2006) og i Jesus Christ Superstar (2009), alle dei nemnde på Det Norske Teatret.
Riise har spelt sentrale taleroller i klassikarar og samtidsdrama. Blant mykje anna har ho gitt liv til Klytaimnestra i Evripides' Ifigeinia i Aulis (2000), Arkadina i Tsjekhovs Måken (2003) og Anna i Marit Tusviks Angerhøy (2005), også desse på Det Norske Teatret. For rolla som søster Aloysius i John Patrick Shanleys Tvil, i regi av Hans Petter Moland (DNT 2011) vart ho igjen nominert til Heddaprisen, også denne gongen i klassen for beste kvinnelege birolle/medspelar. På same teater spelte Riise tittelrolla i Rikke Wölcks demensdrama Eg heiter Bente i 2015, og Sorgfrid i musikkteaterframsyninga Kan nokon gripe inn (produsert i samarbeid med Riksteatret) etter Stein Torleif Bjellas musikk i 2017. I 2018 hadde ho rolla som Mor Åse i Peer Gynt.
Riise er kjend som ein innsiktsfull tolkar av Jon Fosse, og har mellom anna spelt kvinna i Nokon kjem til å komme (NRK Radioteatret 1999), kvinna i Vakkert (DNT 2001), mora i Namnet (DNT 2011) og den eldre kvinna i Hav (DNT i samarbeid med Hordaland Teater og Festspillene i Bergen 2014). Debuten hennar som regissør var med oppføringa av Jon Fosse-romanen Morgon og kveld for Nationaltheatret i 2015.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.