Hornindalsvatnet er ein innsjø i Stad kommune i Vestland og i Volda kommune i Møre og Romsdal. Hornindalsvatnet er den djupaste innsjøen i Europa, og blant dei djupaste innsjøane i verda.
Hornindalsvatnet er 50,5 kvadratkilometer stort, opptil 514 meter djupt og ligg 53 meter over havet. Vatnet er med det den største innsjøen på Vestlandet og den djupaste innsjøen i Europa.
Vatnet i Hornindalsvatnet er påfallande klart, på grunn av at det knapt er brear i nedslagsfeltet og fordi vatnet er næringsfattig. Innsjøen har avløp vestover gjennom Eidselva til Eidsfjorden, som er ein arm av Nordfjorden.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.