Kalvåg er ein tettstad i Bremanger kommune i Vestland. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 0,4 km², og har 413 innbyggjarar (2023).
Kalvåg ligg på søraustsida av øya Frøya, ved munningen av Frøysjøen, det søre innløpet til Nordfjorden. Området er typeområde for Kalvåg-mélangen, som er ein vulkansk og sedimentær breksje.
Kalvåg er eit viktig fiskevær med fiskeomsetning og -foredling. Det er òg ein viktig handelsstad. Det er vegsamband via småøyar til Bremangerlandet og derfrå vidare til fastlandet på riksveg 616.
Namnet kjem truleg av verbet kala, 'gjere kald, fryse til', og siktar til at Kalvågen, som er ei viktig hamn, ofte kan fryse til om vinteren.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.