Industrien er den viktigaste næringsvegen i kommunen, med Elkem Bremanger i Svelgen som den dominerande bedrifta. Smelteverket produserer silisiummetall for eksport. Elles finst næringsmiddel- (fiskeforedling) og trevareindustri av eit visst omfang.
Jordbruket betyr mest langs Nordfjorden. Husdyrhald (storfe, sau) dominerer heilt. Bremanger er ein viktig fiskerikommune, både når det gjeld omsetning og foredling.
Bremanger er kommunen med niande størst vasskraftproduksjon i Vestland, og er ein viktig kraftkommune på landsbasis. Dei 17 vasskraftverka i kommunen produserer til saman 1512 gigawattimer i året (gjennomsnitt 1993-2020). Det største kraftverket er Åskåra 1 (i drift fra 1970), som står for om lag ein fjerdedel av vasskraftproduksjonen. Andre store kraftverk er Svelgen IV (1973) og Svelgen II (1958). SFE Produksjon og Svelgen Kraft er dei to største hovudeigare av vasskrafta i kommunen, og eigar om lag halvparten av kraftproduksjonen kvar.
Hennøy vindpark omfattar 12 turbinar med total effekt på 50 MW.
Nedbøren saman med høgdeskilnadene har skapt grunnlag for ein stor kraftproduksjon. Alle dei større vassdraga er nesten fullt utbygde. Det gjeld Indrehus- og Svelgenvassdraget, begge med utløp i Gulen (høvesvis Midtgulen og Nordgulen), og Åskorelva og Yksneelvvassdraget med utløp i Ålfotfjorden, ein arm av Nordfjorden. Berre Yksneelvvassdraget kan byggjast ut ytterlegare. Ein vesentleg del av kraftproduksjonen går til smelteverket i Svelgen.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.