Katla er ein vulkan på Sør-Island, under søraustre delen av isbreen Mýrdalsjökull. Isbreen har eit areal på 580 kvadratkilometer og isdekket er 300-600 meter tjukt. Nest etter Hekla er Katla Islands mest kjente vulkan. Katla er ein kaldera med ein diameter på 10 kilometer som dekker 110 kvadratkilometer. Kalderaen er ein av dei største på Island.
Katla
Faktaboks
- Uttale
-
katla
- Land
-
Island
- Region
- Suðurland
- Høgd
- ca. 1400

Utbrot
Katla har truleg hatt meir en 150 førhistoriske utbrot og rundt 20 utbrot i historisk tid, etter 874. Store utbrot skjedde mellom anna i 935, 1485, 1625, 1660, 1721, 1755–1756 og sist 12. oktober til 5. november 1918. Vanleg periodisitet for utbrot har vore 40–80 år; eit nytt utbrot er derfor venta.
Utbrota varer normalt baere to til tre veker, men det lengste utbrotet (i 1755–1756) varte i 120 dagar. Global oppvarming fører til større issmelting om sommaren og dermed mindre vekt oppå Katla, som igjen fører til auka aktivitet i vulkanen.
Vulkanen har utbrot av sur og seigtflytande lava med mykje tefra.
Ved utbrot brånar isen og kan føre til store jøkullaup. I 1918 blei vassmassane frå jøkullaupet utrekna til å vere på 200 000 kubikkmeter per sekund i to dagar, noko som svarar til ein til to gonger vassføringa i Amazonas. Tettstaden Vík i Mýrdal kan vere i faresona viss det kjem eit jøkullaup. Samtidig er området eit svært populært reisemål, det blir stadig bygd nye overnattingsstader for vulkanturistar. Katla kan ha fleire tusen besøkande samtidig. Mange av desse vil også kunne vere i fare ved eit utbrot. Eit utbrot kan òg gi ei stor oskesky som rammar flytrafikken.
Les meir i Store norske leksikon
-
-
Mýrdalsjökull med omrisset av kalderaen Katla i raudt og registrerte utbrot i historisk tid.
Kommentarar (3)
skreiv Johannes Bjerketvedt Østby
svarte Roger Pihl
svarte Johannes Bjerketvedt Østby
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.