Lise Meitner var ein austerriksk professor i fysikk.
Meitner dreiv kjernefysisk forsking på elitenivå og var med på å leggje grunnlaget for forsking innanfor kjernekraft og atomvåpen. Ho flytta til Berlin i Tyskland i 1907 og arbeidde ved Keisar Wilhelms Institutt frå 1913. Der møtte ho kjemikaren Otto Hahn, som ho i 30 år samarbeidde med om forsking på radioaktivitet og kjernefysikk.
Hausten 1938 måtte Meitner, som hadde jødiske anar, flykte til Stockholm. Der fekk ho stilling ved Manne Siegbahns Nobelinstitutt for fysikk ved Kungliga Vetenskapsakademien og seinare ved Kungliga Tekniska Högskolan. Hahn vart att i Berlin og heldt fram med forskingsprosjekta. Dei greidde å halde kontakt, og i eit brev frå Hahn jula 1938 fortel han om eit eksperiment han ikkje forstår utfallet av. Det gjer Meitner. Ho forklarer at det er urankjernen som er blitt delt, og at delinga vil frigjere store mengder energi. Oppdaginga vart avgjerande for utviklinga av atombomba under andre verdskrigen.
I 1944 fekk Hahn åleine nobelprisen for oppdaginga. Meitner vart nominert til nobelprisen tolv gonger, men nådde aldri opp. Ho var ein høgproduktiv forskar, med i alt 130 publikasjonar, men det var først etter krigen at ho hausta anerkjenning for det vitskapelege arbeidet sitt. Då vart ho æra i inn- og utland, og særleg i Tyskland, med prisar og utmerkingar.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.