Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                
Oppstrynsvatnet

Oppstrynsvatnet i Nordfjord.

Nordfjord er den nordlegaste delen av Vestland fylke og omfattar kommunane rundt Nordfjorden. Det tidlegare fylket Sogn og Fjordane bestod av dei tre delane Nordfjord, Sunnfjord og Sogn.

Faktaboks

Uttale

norfjor, nårfjår (på Sunnmøre)

Etymologi

norrønt Norðfirðir 'dei nørdre fjordane'

Nordfjord er også eit prosti i Bjørgvin bispedøme. Prostiet ligg i den nordlegaste delen av Vestland fylke og omfattar kommunane Stad, Kinn, Stryn, Gloppen og Bremanger.

Nordfjord utgjorde tidlegare eit eige tingrettsdistrikt, men høyrer frå 1. januar 2005 under Fjordane tingrett og Gulating lagmannsrett. Nordfjord utgjer i alt 4304 kvadratkilometer med 32 838 innbyggarar (2015).

Nordfjord har spreidd busetnad langs fjorden med lange strekningar utan busetnad. Det er tettstadar ved munninga (Måløy, 3243 innbyggarar 2015) og ved botnen av enkelte fjordarmar (Nordfjordeid 2851 innbyggarar, Sandane 2265 innbyggarar og Stryn tettstad 2372 innbyggarar ved høvesvis Eidsfjorden, Gloppenfjorden og Strynsvika). På Bremangerlandet er største tettstad Svelgen (1235 innbyggarar 2015). Elles var einaste tettstad før 1970 Raudeberg på Nord-Vågsøy (640 innbyggarar 2015). I dag har Nordfjord ytterlegare 13 tettsteder med 200–700 innbyggere (2015).

Indre Nordfjord omfattar Stryn kommune og Hornindal i Volda kommune. Grensa til midtre Nordfjord går ved Utvikfjellet. I Indre Nordfjord er det frodige lier som er omkransa av høge fjell og isbrear. Fjelltoppar på opptil 1900 meter stig opp av havet.

Under stormen Dagmar julen 2011 fekk skogen i Nordfjord store skader og 125 000 kubikkmeter skog blei stormfelt.

Kart

Nordfjord
Nordfjord
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg