Rudi Dutschke var ein tysk studentleiar. Han spelte ei sentral rolle i studentrørsla og den utanomparlamentariske opposisjon (APO) i Vest-Tyskland i 1960-åra, særleg med sine tankar om endring av samfunnet innanfra i staden for gjennom valdelig opprør.
Rudi Dutschke
Faktaboks
Alfred Willy Rudolf Dutschke
- Fødd
- 7. mars 1940, Schönefeld, Tyskland
- Død
- 24. desember 1979, Århus, Danmark

Kristensosialist
Rudi Deutschke vaks opp i Luckenwalde i Brandenburg i DDR. I 1958 nekta han militærteneste på religiøst og pasifistisk grunnlag. Dimed mista han retten til å studere. I 1961 flytta han til Vest-Berlin og vart sosiologistudent ved Freie Universität, og organiserte studentrørsla ved universitetet. Han var formann for Den Sosialistiske Tyske Studentunion (SDS).
Kulturkritikk
Deutschke var aktiv i studentrørsla frå tidleg 1960-tal. Studentane ville bryte dei autoritære maktstrukturane ved universiteta, men snart vart merksemda retta mot heile samfunnet. Alle former for autoritet skulle nedkjempast, og ifølgje Deutschke måtte ein provosere for å bli tatt alvorleg. Målet var å skape ein ny type borgar, fridd frå kapitalisme og byråkrati. I privatlivet skulle stivna foreldre- og kjønnsroller erstattast med nye samlivsformer.
Politisk kritikk

Frå 1964 var Deutschke med og organiserte demonstrasjonar mot USAs krigføring i Vietnam, mot det vesttyske nazi-partiet og mot statsbesøk av diktatorar.
Då sosialdemokratane i 1966 gjekk saman med dei konservative og danna regjering, drog Deutschke i gang den utanomparlamentariske opposisjon (Außerparlamentarische Opposition, APO), som fekk tilsig av partilause sosialistar. Særleg vart kampen mot unntakslovene ei samlingssak.
I 1967 vart ein demonstrant drepen av politiet. Det fekk Deutschke til å starte ein kampanje mot Springer-pressa som han meinte var medansvarleg for drapet, ved å framstille politisk radikale som folkefiendar.
Ideologisk grunnlag
Deutschke var studentrørsla sin sjefsideolog. Han var påverka av Trotskijs anarkisme, Frankfurterskulen sin kapitalismekritikk og frigjeringsrørsler i Sør-Amerika. Han la vekt på at aksjon og refleksjon måtte følgjast åt. Etter først å forkaste parlamentarismen som styreform, endra han syn på saka. Spørsmålet om vald var uavklart. Statens maktapparat måtte møtast med motmakt, men individuell vald var uakseptabelt. Han utvikla ideen om bygerilja, men kom fram til at væpna kamp var ueigna i Vest-Tyskland.
Mordattentat og eksil
I 1968 vart Deutschke skoten på hovudgata i Vest-Berlin av ein høgreekstremist med nynazistisk tilknyting. Deutschke fekk alvorlege hovudskader og måtte lære seg å snakke på nytt.
I 1970 vart han student ved Universitetet i Cambridge, i 1971 byrja han som universitetslektor i Århus. Resten av 1970-åra pendla han mellom Danmark og Vest-Tyskland, vart forskar ved Freie Universität og på nytt politisk aktiv. Han mobiliserte i kampen mot atomkraftverk, engasjerte seg i menneskerettsspørsmål og argumenterte for samling av den politiske venstresida. Ved valet til delstatsparlamentet i Bremen i 1979 stilte han på vallista Dei Grøne, som vart stifta som parti året etter.
Deutschke tok sjølvkritikk for sin tidlegare revolusjonsanalyse og slo fast at individuell terror er ei villfaring, menneskeleg og politisk. Same kritikk retta han mot Raude Arme (RAF) sin valdsbruk.
I 1979 døydde Deutschke av seinskader etter drapsforsøket.
I 2008 fekk han ei gate oppkalt etter seg i Berlin.
Les meir i Store norske leksikon
Eksterne lenker
Litteratur
- Ulrich Chaussy: Rudi Dutschke. Die Biographie (2018)
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.