Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                
Foto av flamingoer i Laguna Hedionda

I og ved Salar de Uyuni finn ein innsjøar med flamingoar.

Foto av flamingoer i Laguna Hedionda
Av /Shutterstock.
Foto av biler på Salar de Uyuni
Salar de Uyuni er eit veldig populært turistmål. Det er mogleg å køyre bil over saltsletta.
Foto av biler på Salar de Uyuni
Av /Shutterstock.

Salar de Uyuni er verdas største saltslette og dekkjer eit område på 10 582 kvadratkilometer sørvest i Bolivia. Den ligg i fylket Potosí, 3650 meter over havet og er del av Andesfjella. Området er ein sentral turistattraksjon i Bolivia, med eit unikt landskap, dyreliv og urfolkskultur. Den kritkvite saltsletta har små øyer med kaktus, innsjøar med flamingo og er omgitt av snøkledde fjell.

Området der Salar de Uyuni ligg i dag var for cirka 40 000 år sidan dekka av prehistoriske innsjøar som over tid fordampa. Dette etterlot seg eit ørkenlandsskap av salt, med rike forekomstar av magnesium, natrium og litium. Toppar av tidlegare vulkanar stikk opp som små øyer i det kvite ørkenlandskapet. I regntida (desember til mars) kan delar av Salar de Uyuni vera dekka av vatn, medan den elles er uttørka.

Litiumutvinning

Salar de Uyuni er del av det såkalla «litium-triangelet», eit område i grenseområda mellom Argentina, Bolivia og Chile som er rikt på råstoffet litium. Litium er ei etterspurd råvare og blant anna nødvendig i batteri til elbilar og smarttelefonar. Dermed er Salar de Uyuni økonomisk viktig både for Bolivia og internasjonale selskap på jakt etter råstoffet.

Les mer i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg