Shang-dynastiet

Område
Den siste hovudstaden til dynastiet låg nær byen Anyang i Henan, som vart funnen i 1899 og utgrave i 1928–1937. Seinare er to hovudstader til funne. Med kjerneområde omkring Huang-elva strekte riket seg frå det austlege Shaanxi i vest til det sentrale Shandong i aust, frå det sørlege Hebei i nord til det nordlege Hubei og Anhui i sør. Kinesisk kolonisering sprengde kilar inn i områda rundt, som var budd i av ikkje-kinesiske folkeslag. Ca. 1046 fvt. nedkjempa fyrst Wu av Zhou den siste Shang-overkongen.
Den siste hovudstaden til dynastiet låg nær byen Anyang i Henan, som vart funnen i 1899 og utgrave i 1928–1937. Seinare er to hovudstader til funne.
Dynastiet
Shang-dynastiet skal ifølgje tradisjonen ha vore det andre kinesiske dynastiet, etter Xia. Ettersom det ikkje finst skriftlege leivningar frå Xia-dynastiet, er Shang det første historiske kinesiske dynastiet. Både namnet Shang og namnet på fleire kongar som er nemnde i seinare historieverk, finst i og blir stadfesta av dei såkalla «orakelbeina», som stammar frå denne perioden.
I tillegg til at dei er det tidlegaste funnet av kinesisk skrift, er orakelbeina ein av fleire indikasjonar på ein kompleks sivilisasjon og ein høgt utvikla skriftkultur. Andre viktige arkeologiske funn er graver, bymurar og bronseartefaktar. Shang blir rekna som høgdepunktet for kinesisk bronsemetallurgi og er omtala som den kinesiske bronsealderens glanstid.
Det fanst sentera med ein framskriden og spesialisert bykultur og ein kalender, basert på ein sekstidagarssyklus, var i bruk. Riket var sannsynlegvis halvføydalt, med eit sakralt kongedømme, der kongen ivaretok ei mengd rituelle plikter.
Rituelle bronsekar, jadekunst og forfedredyrking er eksempel på aspekt ved Shang-samfunnet som sidan vart viktige kjenneteikn på kinesisk kultur. Kulturen var bygd på jordbruk, med utbreidd forfedredyrking. Ein del andre aspekt, slik som menneskeofring, vart ikkje ein del av vidare kinesisk kultur, og ein kan trygt seie at Shang er langt fjernare frå tradisjonell kinesisk kultur enn det følgjande Zhou-dynastiet.
Les meir i Store norske leksikon
- Kinas historie
- Kinas forhistorie
- Periodisk oversikt over Kinas historie
- Xia-dynastiet (2200 til 1800-/1700)
- Shang-dynastiet (1760–1122 fvt)
- Zhou-dynastiet (1050–221 fvt.)
- Qin- og Han-dynastia (221 fvt.–220 evt.)
- Tang-dynastiet (618–907)
- Song-dynastiet (960–1279)
- Yuan-dynastiet (1280 til 1368)
- Ming-dynastiet (1368–1644)
- Qing-dynastiet (1644-1911)
- Republikken Kinas historie (1912-1949)
- Folkerepublikken Kinas historie (1949-1997)
- Kinas samtidshistorie
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.