Norges Bondelag sitt fylkeslag stod som utgjevar fram til 1954, då ho igjen vart stogga. Årsaka til at ho då vart lagt ned var vanskeleg økonomi. Då avisa kom i gang att fem år seinare, var ho igjen heileigd av Ingvald Husabø Prenteverk AS på Leikanger, men Senterpartiet gav økonomisk tilskot. Husabø dreiv deretter avisa i samkøyring med den konservative avisa Sogningen. Etter 13 år vart dei to avisene slått saman til Sogningen/Sogns Avis i 1972, som sidan 1993 heiter Sogn Avis.
Avisa skifta elles ofte redaktørar: Thormod Liljedahl (1926–1927), Ingvald Husabø (1927 og 1959), Ivar Tveit (1927–1931), Hermund Haukenes (1931–1942 og 1945–1948), Jørgen Bergo (1948–1950), Ivar Rusti (1950 og 1952), Lars Rødland (1950–1952), Hans H. Schelderup (1952–1954), Hans Arnesen (1959–1960 og 1962–1972) og Knut A. Helland (1960–1962).
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.