Songavatnet er ein innsjø i Vinje kommune, Telemark. Vatnet renn via elva Songa til Totak, og inngår dermed i Skiensvassdraget.
Songavatnet har to demningar; Trolldalsdammen og Songadammen. Begge er steinfyllingsdammar med tetningskjerne av morenemasse. Songadammen er 1050 meter lang og 37 meter høg. Dette var det største damanlegget i Nord-Europa da det sto ferdig først på 1960-talet. Energiinnhaldet i magasinet er 1,4 TWh. Songavatnet er magasin for Songa kraftverk.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.