Totak er ein innsjø i Vinje kommune, i Skiensvassdraget, Telemark fylke. Innsjøen ligg 687–680 meter over havet og har eit areal på 35,7 kvadratkilometer. Innsjøens viktigaste tilløp heiter Songa, og avløpet er ved Tokke. Totak blei regulert ved Tokkeutbygginga, og er magasin for Vinje kraftverk ved Vinjevatnet.
Den nordvestre delen av sjøen er smal og svært djup med bratte lier på begge sider. Største målte djup (sør for grenda Vå) er 306 meter. Ved Raulandsgrend vider sjøen seg ut til ei største breidde på 4 km. Den opnare, søraustre delen er mindre djup (ned mot 100 meter). På nord- og austsida av sjøen ligg her hovudbygda i Rauland. Med unntak av Arabygdi i nordvestenden er breiddene elles svært sparsamt busett.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.