Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                

Faktaboks

Offisielt namn
Borgarbyggð
Etymologi

Namn etter garden Borg

Innbyggjartal
4100 (2024)
Landareal
4 927 km²

Borgarnes.

.
Lisens: CC BY SA 3.0

Mýrar med Borgarfjörður i forgrunnen.

.
Lisens: Avgrensa gjenbruk
Baula
Av .
Lisens: CC BY NC ND 2.0

Borgarbyggð er ein kommuneIsland som omfattar området nord og aust for Borgarfjörður. Hvítá-dalen med sidedalane Norðurárdalur, Þverárhlíð, Reykholtsdalur og Lundarreykjadalur og den vestre delen av Langjökull høyrer kommunen til.

Den største staden i kommunen er Borgarnes; andre mindre stader er Hvanneyri, Bifröst og Reykholt.

Nordover frå Borgarnes strekker landskapet Mýrar seg, ei låglendt strandflate med vidstrekte våtmarker, mange innsjøar og tjern og øyer og holmar på kysten. Over Norðurárdalur reiser det 934 meter høge vulkanfjellet Baula seg som eit mektig landemerke. Ein kan nå toppen frå Bjarnardalur. Fjellet består for det meste av bleikraud og gulaktig liparitt.

Utanfor Borgarnes ligg Borg, som på 900-talet var Egil Skallagrimsson sin gard. Ved Deildartunga ligg Islands største felt med varme kjelder. Ved Fljótstunga og Kalmanstungu i Hvítársíða finst store lavagrotter, der Víðgelmir er 1600 meter lang og Islands største. Grotta er tilrettelagt for guida turar. Her ligg òg den kjende grotta Surtshellir. Grottene er oppstått ved at lettflytande lava er storkna på overflata mens den underliggande lavaen er runne vidare. I tidlegare tider var Surtshellir ein mykje brukt skjulestad for lovlause.

Ved Húsafell fell Hraunfossar ut i Hvítá over ein strekning på éin kilometer frå underjordiske løp i lavadekket Hallmundarhraun. Ved Snorre Sturlasons gard Reykholt står Gustav Vigelands statue av Snorre; i Reykholt kyrkje finst Snorrastofa kultursenter. 30 km nordaust for Borgarnes ligg det private Bifröstuniversitetet (Háskólinn á Bifröst).

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg