Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                
The Smiths i 1987
Andy Rourke, Johnny Marr, Mike Joyce og Morrissey.
Av /Shutterstock editorial/NTB.

The Smiths var ei engelsk rockegruppe frå Manchester i England, aktive i 1980-åra og ikoniske med sitt melankolske uttrykk og songar.

Oppstart og medlemmar

The Smiths vart starta i 1982 av gitarist og låtskrivar Johnny Maher (fødd 1963), som sidan endra etternamn til Marr, og frontmann Steven Patrick Morrissey, som berre brukte namnet Morrissey. I løpet av året fekk dei med seg Mike Joyce (fødd 1963) på trommer og Andy Rourke (1964-2023), ein ven av Marr, på bass. Dei vart fort populære i Manchester og fann snart vegen til London, der dei signerte for indie-plateselskapet Rough Trade.

Frå oppstarten i 1982 til oppløysinga i 1987 gav The Smiths gav ut fire album: The Smiths (1984), Meat Is Murder (1985), The Queen Is Dead (1986) og Strangeways, Here We Come (1987). Vokalist Morrissey og gitarist Johnny Marr skreiv låtane saman.

Stil og sjanger

The Smiths høyrde, saman med band som Joy Division og New Order, til Manchester-bølgja, som trefte post-punken først i 1980-åra. Denne musikken er prega av mørk industri-estetikk og råe gitarar, kombinert med songar i popformat og påverknad frå den synthprega dansemusikken. Mykje av den tidlege, nasjonale merksemda deira kom som følgje av kontroversar knytte til Morrissey – den eksentriske sceneframtoninga hans, dei absurde og ofte sjølvmotseiande intervjua han gav, og dei metaforiske og ironiske tekstane, som ofte vart feiltolka i verste meining.

Bandet, særleg Marr og Morrissey, vart store ikon i 1980-åra og stod for mange som sjølve symbolet på angsten og frykta hos den engelske forstadsungdommen. Fleire store rockegrupper har erklært kor viktige The Smiths var for deira eiga utvikling.

The Smiths og Meat Is Murder

Då den første plata deira, The Smiths, kom våren 1984, fekk ho god mottaking. Salet sende henne opp til andreplass på den engelske albumlista. Singelen Heaven Knows I'm Miserable Now skapte kontroversar, på grunn av b-sida, Suffer Little Children, som handla om «The Moor Murders» – ein serie grufulle barnedrap i Manchester.

Singelen William, It Was Really Nothing frå hausten 1984 gjorde suksess på eiga hand, og b-sida, How Soon Is Now, vart inkludert på dei seinare opptrykka av Meat Is Murder.

Meat Is Murder er tekstane meir openlyst politiske, slik som tittelsporet, ein kampsong for vegetarianisme, og «The Headmaster Ritual», om bruk av fysisk avstraffing i skulen. Sjølv om denne plata ikkje hadde nokon store hitar, er det ei sterk og gjennomført plate som var med på å styrkje den særskilde The Smiths-stilen.

The Queen Is Dead og singlar

The Boy with the Thorn in His Side vart godt motteken då låta kom hausten 1985, og The Queen Is Dead hadde fleire sterke einskildlåtar, til dømes Bigmouth Strikes Again og There Is A Light That Never Goes Out. Albumet nådde andreplass og medverka sterkt til å utvide den veksande tilhengjarskaren deira i USA. På plata var dei utvida med gitaristen Craig Gannon.

Fleire av dei største hitane til The Smiths vart berre utgitt på singlar, altså utanom LP-ane. Det gjeld mellom anna Heaven Knows I'm Miserable Now, William, It Was Really Nothing, Shoplifters of the World Unite og How Soon Is Now. Dette førte til at det vart gitt ut fleire samleplater medan bandet dreiv på, mellom anna Hatful of Hollow (1984) og The World Won't Listen (1987).

Strangeways, Here We Come, oppløysing og konfliktar

Ved inngangen til 1987 stod The Smiths på høgda av populariteten sin og bytte plateselskap frå Rough Trade til giganten EMI. Men Marr var lei av Morrissey sitt ego og utsliten av det harde musikarlivet, medan Morrissey var irritert fordi Marr også spela med andre artistar. Noko av det som sleit på Marr, var at han også fungerte som manager. Dermed braut Marr med gruppa, berre veker før Strangeways, Here We Come vart utgitt hausten 1987. Morrissey prøvde å finne ei erstatning, men skjøna at det var fåfengt og oppløyste bandet. Albumet er meir gjennomprodusert enn dei føregåande, og både Morrissey og Marr har sagt at dette er favorittplata deira.

I 1991 gjekk Rourke og Joyce til sak mot dei to andre, fordi dei meinte seg forfordelte i spørsmålet om royalties for innspelingar og framføringar. Rourke inngjekk forlik, medan Joyce tok saka til retten og vann fram i 1996. Konflikten førte dei fire bandmedlemene lenger vekk frå kvarandre, og mange blodfans såg at draumen om at bandet skulle kome saman att, vart meir og meir urealistisk. Morrissey sjølv sa til Melody Maker i 1997: «To me, The Smiths were a beautiful thing and Johnny left it, and Mike has destroyed it». Han la aldri skjul på at han ønskte å halde fram med The Smiths, og at Marr var grunnen til at dei vart oppløyste. Det har vore gjort fleire forsøk på å få samla medlemene att, men ingen har lukkast. Både Morrissey og Marr har hatt aktive og til dels suksessfulle musikarkarrierar etterpå.

Ettermæle og omsetjing

The Smiths sin påverknad på rockegruppene som kom etter dei, har vore stor. Både den alternative rocken og britpop-rørsla i 1990-åra bar preg av dei, og den melankolske «egosentrismen» og det såre hos Morrissey viser seg tydeleg hos seinare rockevokalistar, mellom anna hos Jarvis Cocker, Liam Gallagher og Thom Yorke. Ekstremt suksessfulle gitaristar som Noel Gallagher i Oasis og Ed O'Brien i Radiohead har òg fortalt om kor viktig Johnny Marr var for at dei tok til å spele. Det er særleg den elegante, melodiske spelestilen og den nærmast vitskaplege måten Marr la lag på lag med gitarar som har skapt dette ettermælet.

Bandet til indie-kulturen og outsiderane har halde seg og kjem til dømes til syne i kultfilmen (500) Days of Summer (2009), der gruppa vert idolisert av begge hovudpersonane, og musikken pregar lydsporet sterkt. I Noreg er forfattaren Frode Grytten den mest profilerte The Smiths-tilhengjaren, og dei vert ofte nemnde i bøkene hans, særleg i Popsongar og Bikubesong. Grytten har òg ved fleire høve framført songane deira i eigne gjendiktingaroddamål, saman med norske musikarar.

Britiske Topp 30-hits 1984–1987

  • What Difference Does It Make
  • Heaven Knows I'm Miserable Now
  • William It Was Really Nothing
  • How Soon Is Now
  • Shapespeare's Sister
  • The Boy With The Thorn In His Side
  • Big Mouth Strikes Again
  • Panic
  • Ask
  • Shoplifters Of The World Unite
  • Sheila Take A Bow
  • Girlfriend In A Coma
  • I Started Something I Couldn't Finish
  • Last Night I Dramt That Somebody Loved Me

Album

  • The Smiths (1984)
  • Hatful Of Hollow (1984)
  • Meat Is Murder (1985)
  • The Queen Is Dead (1986)
  • Strangeways, Here We Come (1987)

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg