Velle Espeland var folkeminneforskar, skribent, teikneserieomsetjar og dagleg leiar i Norsk visearkiv. Han gjorde spøkjelse til ein av spesialitetane i dei folkloristiske arbeida sine.
Velle Espeland
Faktaboks
Velle Nils Espeland
- Fødd
- 6. juli 1945, Sør-Fron, Innlandet
- Død
- 10. januar 2024, Oslo
Bakgrunn
Velle Nils Espeland tok examen artium ved Gudbrandsdal gymnas i 1964 før han studerte folkeminnevitskap ved Universitetet i Oslo. I 1974 leverte han avhandlinga «Folkesong i Bjerkreim» for magistergraden. Same året vart han tilsett ved Institutt for kulturstudier og underviste i perioden 1974–2003.
Folklore og kulturhistorie
Espeland var dagleg leiar i Norsk visearkiv sidan sentret vart stifta i 1983. Her var interesseområda hans folkeviser, balladar og skillingsviser, og dessutan arbeidssongar og songar for barn.
Espeland skreiv redigerte bøker og artiklar om folkloristiske og kulturhistoriske emne. Eit gjennomgåande emne er spøkjelse og liknande skapningar, noko som vert belyst gjennom barneboka Den store boka om spøkelse (1999) og faktaboka Spøkelse. Hvileløse gjengangere i tradisjon og historie (2002). Han omsette teikneseriar som Sprint og Spiralis, og skreiv saman med broren Gard Espeland tekst til julehefta Smørbukk og Tuss og Troll.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.