Bramsegl er eit segl på seglskuter med skværrigg.
Faktaboks
- Etymologi
- frå nederlandsk bramzeil
- Også kjend som
-
bramseil
Bramseglet står på bramstonga, tradisjonelt det øvste leddet av masta. Tidlegare var det kun eitt bramsegl, men frå midten av 1800-tallet vart seglskutene så store at ein delte bramseglet i to: Øvre bramsegl, bovenbramsegl eller røylsegl, og undre eller store bramsegl. Rærne som seglet er festa til, blir kalla bramrå. Eit oppdelt bramsegl har difor: Øvre bramrå, bovenbramrå eller røylrå, og undre eller store bramrå. Bramsegl og rær er nummer 4 og 5 frå dekk.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.