Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                

Daglegspråk er det språket ein brukar til vanleg, der ord kan ha ei litt upresis tyding eller bli brukt om daglegdagse ting. Dette er til forskjell frå fagspråk, der ord har ei meir presis og avgrensa tyding.

Faktaboks

Også kjend som

daglegtale

For eksempel kan ordet tyngde bli brukt i daglegspråket om det som i fysikken sitt fagspråk meir presist heiter masse. Ordet runding kan bli brukt i daglegspråk om ein figur som er ganske rund, medan sirkel i matematikken har ein heilt presis definisjon.

Bruk

Daglegspråket er grunnlaget for læring og kommunikasjon. Det blir brukt til å snakke om det ein ser og observerer. Nokre ord finst i både daglegspråk og fagspråk, som bær eller alkohol. Det same ordet kan ha ein meir presis definisjon i fagspråk enn i daglegspråk; for eksempel er «bær» eit omgrep i botanikk som tyder ei bestemt undergruppe av frukt, men i daglegtale er det litt upresist brukt om mange typar små, runde frukter. Ordet kan òg vere meir generelt i fagspråk; for eksempel er «alkohol» i kjemien ei gruppe med mange ulike kjemiske forbindingar, og den typen alkohol ein drikk, er berre ein type.

Å forstå fagspråk krev ei viss evne til abstraksjon. Vaksne kan vanlegvis veksle mellom daglegspråk og fagspråk og forstå begge delar, mens barn ofte må ha hjelp til å kome frå daglegspråket til fagspråket. Det same kan gjelde vaksne som ikkje kjenner til det aktuelle faget.

Mange ord blir brukte i ulike fag med ulike definisjonar. For eksempel blir ordet akademisme brukt om ei retning innan kunst og arkitektur som held strengt på krava til akademisk tradisjon og fullendt form, mens ordet i andre fag ofte kan vere ein negativ karakteristikk, forbunden med «tørr framstillingsmåte».

Som eksempla viser, er det ikkje alltid klare grenser mellom daglegspråk og fagspråk. Og viss det ikkje er klart kva for definisjon av eit ord ein brukar, kan det oppstå misforståing.

Les mer i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg