I Noreg finn vi mange variantar av norsk talemål som blir brukte innanfor eit geografisk område. Desse kallar vi ulike dialekter. Noreg har ikkje eit offisielt standardtalemål, og det er stor aksept for å bruke dialekt i dei aller fleste samanhengar.
Alt i yngre norrøn tid, om lag 1050–1350, var det tydelege dialektforskjellar i Noreg. Geografi er ei viktig årsak til dette. Folk som har mykje kontakt med kvarandre, får felles språkutvikling, til forskjell frå grupper av menneske som har mindre kontakt med kvarandre. Dermed kan fjell og vidder, skog og store avstandar gi oss ei viktig forklaring på kvar dialektgrensene går. Desse naturforholda var tidlegare gjerne til hinder for samferdsle og direkte kontakt.
- Les meir om årsaker til dialektvariasjon i Noreg.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.