Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                
Valle

Valle i Setesdal. Dei nakne fjellsidene som stuper bratt ned mot den fruktbare dalbotnen, er populære klatremål. Denne artikkelen, dialekter i Setesdal, er i all hovudsak ei skildring av det tradisjonelle talemålet i Valle.

Av /KF-arkiv ※ Bildet er henta frå papirleksikonet Store norske leksikon, utgjeve 2005–2007.

Til Setesdal reknar ein den indre delen av gamle Aust-Agder fylke frå Evje til Bykle (Hovden).

/Store norske leksikon.
Lisens: Avgrensa gjenbruk
I Setesdal finn ein rike tradisjonar i folkekultur, folkemusikk og byggjeskikk. Bildet viser eit tradisjonelt setesdalsk rekketun med låve, frittståande loft og loft samanbygd med stogehus. Rygnestad i Valle. Setesdalsdialekta har halde oppe mange gamle trekk, men viser også interessante nyutviklingar. Det er kanskje den mest særprega dialekten i Noreg, og mange reknar han som den norske dialekten som er vanskelegast å forstå. Dialekta i Setesdal skil seg mykje frå dialektane i dei ytre bygdene på Agder.

Den klassiske setesdalsdialekta kan ein høyra mellom anna i heile Bygland kommune og opp til kyrkjebygda i Bykle. Målet i Valle dannar kjernen i desse talemåla. Setesdalsdialekta høyrer til dei sørlige e-måla, som vil seia at infinitiv og ubestemt form eintal av svake hokjønnsord endar på -e: å kaste, å fare og ei kiste og ei vike. I dette e-målet har ein likevel vokalen -a i fleirtal av substantiv (fleire hesta) og i presens av a-verb (eg kastar).

Setesdalsdialekta har halde oppe mange gamle trekk, men viser også interessante nyutviklingar. Det er kanskje den mest særprega dialekta i Noreg, og mange reknar han som den norske dialekta som er vanskelegast å forstå. Dialekta i Setesdal skil seg mykje frå dialektene i dei ytre bygdene på Agder.

Denne artikkelen er i all hovudsak ei skildring av det tradisjonelle talemålet i Valle.

Lydverk (fonologi)

Vokalar

Dialekta i Setesdal er kjend for å ha eit «rikt» vokalsystem – eit system som kan verka komplisert for ein person som ikkje oppvaksen i dalen. I denne dialekta skil ein mellom vokalane i høve til om dei var korte eller lange i norrønt. Dei norrøne korte vokalane har ein nokså skriftnær uttale, jamfør desse døma på gamle korte vokalar: ait bil (eit bel, ei stund), ait vit (vet), døme: det va alli mæ vitæ, det an arbeidd. Andre døme: a vike (ei veke), an hyl'e (hyl, stillestånde vatn i bekk), fyre (før), døme: eg må få gjort det fyre jol, å ete (ete), døme: ete ò skuffæ = ete eit enkelt måltid.

Vokalar som var lange i norrønt, har endra seg mykje i setesdalsdialekta ved at dei er diftongerte, som betyr at vokalane har blitt diftongar. I Valle seier ein for eksempel å beite (bita), å suyne (syna), a muyr (ei myr), ait heus (hus) og søyt’e (søt).

At norrøne korte og lange vokalar har gjeve ulike resultat i setesdalsdialekta, ser ein av døme som å beite (bíta, lang vokal i norrønt) og ait bit (eit bit, kort vokal i norrønt), døme: der æ godt bit i dei nívæ (der er godt bit i den kniven). Andre døme på slik motsetnad er det når dialekta skil mellom å leive (å liva 'verna', av norrønt hlífa, lang vokal) og å live (å leva, av norrønt lifa, kort vokal). Tilsvarande er det med å veike (å vika 'bøya under', norrønt víka, lang vokal) og a vike (ei veke, norrønt ei vika, kort vokal).

Dei opphavlege diftongane har også endra seg, det heiter laus (laus), laiv (Leiv), haim (heim), jamfør dømet av å haim va' a dagsraise (å gå dit og heim att var ei dagsreise).

Innskotsvokal (svarabhakti)

Dialekta i Setesdal har trykklett endingsvokal (svarabahktivokal) i sterke substantiv og adjektiv: an reik’e mann’e (ein rik mann), an stour’e kar’e (ein stor kar), an svårt’e hest’e (ein svart hest). Innskotsvokal i sterke hankjønnsord eintal, typen ein hest'e og ein geut'e finst berre i Setesdal, Vest-Telemark og i Sunnfjord og delar av Nordfjord.

Innskotsvokalen står i setesdalsmålet også i presens av sterke verb: han kjem’e haim te Valle og der søv’e han godt (kjem, søv).

Konsonantar

Den norrøne konsonanten ð (stungen d) har blitt til vokalen i, jamfør at norrøn aðrir (andre) blir til aire og stoðul (ein støl) blir til an støyl’e, og tilsvarande i liknande ord.

Ein markert konsonantovergang i setesdalsmålet er overgangen frå norrøn ll til dd (same overgangen finn ein også i Vest-Telemark og i indre delar av gamle Vest-Agder). Døme på dette fenomenet er: fjødd (fjell), adde (alle), kjeddare (kjellar), eisemadde (einsamal, aleine) og andre. Når det kjem ein konsonant etter ll, blir det ikkje overgang til dd, jamfør ordpara fudd'e, men fulltakande, stadden (stallen), men stalldynni, fjødd, men fjallskar og så bortetter.

Konsonantsambanda nd, ng og mb står ved lag i dialekta utan å bli assimilerte (ein høyrer d, g og b), jamfør døma: landet, lengje, ait lamb.

ft blir til pt: ait skapt (eit skaft), ait lopt (eit loft), å sipte (skifta), å jipte seg.

fs blir til ps: lepse (lefse), å glepse (glefsa), ups (ufs).

Konsonanten l fell bort føre k, g, v, m og p når vokalen framfor er forlengd, jamfør desse døma: foukk (folk), mjåkk (mjølk), ei sygje (sølje). Andre døme er: an håv’e kåv’e (ein halv kalv), ai hæg (helg), an hómi (holme), an stoppi (stolpe). Det gjeld også orda sjave og sjòv (sjølv), døme: han gjorde de sjav’e (hankjønn), men hu gjorde de sjòv (hokjønn).

Konsonanten k fell bort framfor -n: a naive (kniv), ait ne (kne), a napp'e (knapp), å neppe (kneppe).

Både bortfallet av l framfor k, g, v, m, p og av k framfor n i setesdalsmålet minner om tilsvarande utvikling i engelsk, jamfør engelsk uttale av ord som folk, calm, half, knife og knee med fleire. Denne likskapen kan ikkje forklarast som (eldre) kontakt mellom engelsk og talemålet i Setesdal, men må sjåast som ei sjølvstendig lydutvikling i kvart av desse språksystema.

Stavingslengd

Særmerkt i setesdalsdialekta er kvantitetstilhøva i stavinga. I motsetnad til det som er vanlig elles i norsk, er norrøn overlang staving halden oppe, slik at både vokal og konsonant i same staving kan ha lang kvantitet, til dømes i orda noutt (natt) og toutte (tykte).

Formverk (morfologi)

Substantiv

Substantiva har tre ulike endingar i fleirtal. Sterke og svake hokjønnsord har ulik ending i bestemt form eintal og i ubestemt og bestemt form fleirtal. Bøyinga er slik:

  • an geut’e den geuten – flaire geuta – adde (alle) geutan
  • ai skål den skælei – flaire skåli – adde skålin
  • ai kjyrkje – den kjyrkja – fleire kjyrkju – adde kjyrkjun
  • ait vatn – de vatne – fleire votn – adde votnei

I nokre hankjønnsord ser ein at den norrøne r-en står ved lag i dialekta i ord som a ljår,e (ljå), mykje snjor'e, a stour'e skor'e (ein stor sko).

Setesdalsdialekta har kasta r-en i ubestemt fleirtal av substantiva (fleire geuta), men held på r-ending i presens av svake verb: «eg ventar i tvai daga, men så køyrer eg.»

Ein del ord har vokalskifte frå eintal til fleirtal, til dømes vott'e fleire vetti, vodd'e fleire veddi, stoul'e fleire støli, spon (skei) fleire spøni, ljår'e (ljå) fleire ljæ og andre.

Dativ

Dialektene i Øvre Setesdal har levande dativbruk, mest vanleg blant eldre folk. I sterke hankjønns- og inkjekjønnsord eintal er dativendinga , i hokjønn -in(ne) eller -un(ne), i fleirtal -ou. Eksempel: hu sit’e på bænkjæ framfor kyrkjun (benkjæ og kyrkjun er dativ). Det heiter i Valle: denne feine dagjen var adde ute (denne fine dagen = vanleg subjektsform, nominativ), men hu kom saint å dagjæ (seint på dagen, dativ). Da jinge i fjøddou (dei gjekk i fjella = dativ fleirtal).

Pronomen

I dei personlege pronomena finn ein tre ulike kasusformer i 3. person eintal. Jamfør hokjønn: hu gjenge nå ut (hu, nominativ) og eg såg hæ på Rysstad (, akkusativ), eg møytte henni i Valle (møtte henni, dativ). I hankjønn får ein desse formene: han hét Olav (han = nominativ, subjektsform), ti botna mæ ó (til botnes med han, o = honum, dativ). Former i 2. person eintal: eg seir deg (akkusativ), og eg skal møyte di (møta deg, dativ).

Verb

Fleirtalsbøying av verb står ved lag i Setesdal. Det er forskjell på verbformene ettersom subjektet står i eintal eller fleirtal: han kastar (presens eintal), men mi kaste (fleirtal), eg kjem’e (presens eintal), men mi kòme (presens fleirtal), eg fann (preteritum eintal), men mi funne (preteritum fleirtal).

Talord

Talorda frå ein til fire har kjønnsbøying i det tradisjonelle setesdalsmålet, som i norrønt. Det heiter:

  • ain geut'e (ein gut), ai jente (ei jente) og aitt vatn (eit vatn)
  • tvai geuta (to gutar), tvæ jento (to jenter) og tvau votn (to vatn)
  • trei geuta (tre gutar), trjå jentu (tre jenter) og trjeu votn (tre vatn)
  • fjori geuta (fire gutar), fjore jento (fire jenter) og fjogou votn (fire vatn)

Adjektiv

I adjektivbøyinga er det skilnad på hankjønn og hokjønn: han æ falsk’e, men hu æ folsk, og han æ eisemadde, men hu æ eisemo. Vidare heiter det: an gåmåle mann’e, men ai gåmo kåne.

Setesdalsmålet i dag

Som i andre norske bygder og tettstader skjer det i dag også endringar i setesdalsmålet. Dei generelle årsakene til at dialektene endrar seg, er oftast å finna i den moderne samfunnsutviklinga. Særmerkt for utviklinga i Setesdal i dag er at folk både flyttar og pendlar meir enn før. Hovden, øvst i Setesdal, er et stort senter for turisme. Her høyrer ein mange dialekter, og dette er nok med og påverkar dialekta til bygdefolket i dalen.

Ein viktig faktor bak dialektendringane i Setesdal er også at mange born nå er ein større del av dagen i barnehage og skule, noko som gjer at foreldra (og besteforeldra) ikkje blir så viktige språklege førebilete som dei var før.

Eit resultat av det som er nemnt her, er at mange av dei unge som veks opp Setesdal i dag, ikkje snakkar det gamle setesdalsmålet. Mange unge snakkar nok «dalmålet» heime, men i lag med vener i bygda brukar dei eit meir avslipt (normalisert) talemål.

Dei største endringane i ungdommen sitt talemål finn me i sjølve ordtilfanget. Ord frå det gamle arbeidslivet, til dømes frå handverk og jordbruk, blir borte. Nye ord kjem inn, og oftast dekkjer dei nye orda namn på nye ting og omgrep: pizza, burger, boots, harddisk, sørvar (data), display, iPhone, selfie, å sagge og så bortetter.

Ein del av dei tradisjonelle meir arkaiske språkdraga i dialekta, som er nedarva frå norrønt, blir ofte borte. Det gjeld blant anna bruken av kasusen dativ. Eldre folk seier benkjen æ fein'e (subjektsform), men hu sat på bænkjæ (dativ). Dei unge seier hu sat på bænken (utan dativ).

Skifte av verbalform frå eintal til fleirtal når subjektet er i fleirtal (fleirtalsbøying), høyrer med til dialekta. Det heiter i det tradisjonelle målet eg stende (eg står), eintal, men mi stande (me står), fleirtal. Denne vekslinga i verbform frå eintal til fleirtal blir i dag borte.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Hannaas, Torleif: «Sætesdals-målet». I: Norske Bygder I. Bergen: J. Grieg, 1921.
  • Syvertsen, Ole Bernt: «Egdemål». I: Alf Kristiansen (red.): Norske Bygder. Agder. Oslo: Gyldendal, 1977.
  • Skjekkeland, Martin: Dialektlandet. Kristiansand: Portal forlag, 2010.
  • Torp, Arne: «Hvor er Sørlandet – og hva er sørlandsk?». I: Jahr (red.) 1990, Ernst Håkon Jahr (red.): Den store dialektboka. Oslo: Novus, 1990.
  • Valle-mål: http://www.vallemal.no/main.jsp

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg