Hankjønn er eit genus (grammatisk kjønn) som har namnet sitt etter det biologiske kjønnet hankjønn. Nokre eksempel på norske substantiv med genuset hankjønn er mann, hest, bil og by.
Ein kallar det òg maskulinum.
Hankjønn er eit genus (grammatisk kjønn) som har namnet sitt etter det biologiske kjønnet hankjønn. Nokre eksempel på norske substantiv med genuset hankjønn er mann, hest, bil og by.
Ein kallar det òg maskulinum.
Dette genuset blir kalla hankjønn fordi substantiv som viser til menneske og dyr med det biologiske kjønnet hankjønn, som regel har dette genuset: gut, son, bror, okse, hingst.
For dei fleste substantiv med genuset hankjønn er likevel biologisk kjønn irrelevant, og grunnen til at dei har dette genuset, verkar vilkårleg. I norsk gjeld dette til dømes bil, by, stein, veg, kjærleik og sennep.
Det som viser om eit norsk substantiv har genuset hankjønn, er adjektiv som kongruerer (blir samsvarsbøygde) med substantivet i genus:
På nynorsk og dei fleste norske dialektar viser hankjønn seg også i pronomena:
På bokmål er det ikkje slik. Der brukar ein den i både hankjønn og hokjønn:
På bokmål kan ein bruke felleskjønn i staden for hankjønn og hokjønn:
I dette systemet med felleskjønn er ikkje endingane -en og -a i bunden (bestemt) eintal eit merke på grammatisk kjønn, men på to ulike bøyingsklassar.
Ved menneske og nokre dyr skil bokmål mellom han og hun, men då er det på grunn av biologisk kjønn, ikkje ut ifrå genus.
Hankjønn finst ved sida av hokjønn og inkjekjønn i nokre indoeuropeiske språk og i khoekhoegowab (nama, hottentottisk), eit språk i det sørlege Afrika.
Hankjønn finst ved sida av berre hokjønn i andre indoeuropeiske språk (som dei romanske) og i afroasiatiske språk (som hebraisk, arabisk, amharisk, somali, koptisk, tamazight og hausa).
Grunnen til at ordet kjønn blir brukt i både grammatikken og biologien, er vilkårleg og eigentleg villeiande. Desse to bruksmåtane av ordet kjønn har ingenting med kvarandre å gjere. Språkbruken er overteken frå antikk latinsk og gresk grammatikk. Det latinske ordet genus og det greske génos (γένος) har desse to tydingane, i tillegg til mellom anna 'ætt', 'slag, art' og 'folkeslag'.
Dersom eit språk har genuset hankjønn, har det også genuset hokjønn. Mange språk har i tillegg genuset inkjekjønn. I nokre norske dialektar har hankjønn og hokjønn falle saman i eitt genus, som ein kallar felleskjønn (genus commune eller utrum).
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.