Hebraisk er eit semittisk språk som har vore i bruk i nær 3000 år. Blant kristne er hebraisk først og fremst kjent som språket til Det gamle testamentet (GT). For jødar er hebraisk språket til både Den hebraiske bibelen og ein stor del av dei seinare heilage skriftene.
Hebraisk blir brukt i jødiske gudstenester verda over, og alle dei daglege bønnene og velsigningane blir framførte på hebraisk. Funksjonen som heilagt språk for både jødedommen og kristendommen har gitt hebraisk ein heilt spesiell plass i Vestens kultur.
Hebraisk er offisielt språk (ved sida av arabisk) i staten Israel. Det er hovudspråket for det jødiske fleirtalet i landet, som utgjer 6,3 millionar av ei befolkning på 8,5 millionar (i 2016). Stadig fleire menneske har no språket som morsmål. Skilnaden mellom bibelhebraisk og moderne hebraisk er ikkje større enn at israelske skulebarn kan lese originaltekstane allereie i barneskulen – med litt hjelp. Å kunne moderne israelsk hebraisk har også blitt viktig i den jødiske diasporaen, der mange jødiske familiar sender ungdommane sine til Israel på kurs for å lære språket.
Hebraisk blir skrive frå høgre mot venstre, og bøker og aviser har si første side der vi forventar å finne den siste. Det hebraiske alfabetet består av 22 konsonantar, men fire av desse kan også brukast som vokalar. I tillegg kan små teikn under og over teksten, og i nokre tilfelle inne i teksten, markere uttalen. Desse teikna blei tradisjonelt brukte berre i Den hebraiske bibelen, der det var viktig å sikre ein mest mogleg korrekt uttale. I moderne hebraisk blir vokalteikn brukt i barnebøker og i litteratur berekna på lesarar med avgrensa hebraiskkunnskapar, som til dømes nye immigrantar til Israel.
- Les meir om det hebraiske alfabetet.
Kommentarar (5)
skreiv Sverre Olav Lundal
svarte Mari Paus
svarte Bente Groth
skreiv Nicolai Næss-Kjennvold
« Hebraisk er offisielt språk (ved sida av arabisk) i staten Israel.» Betyr dette at både arabisk og hebraisk er offisielle språk i staten Israel? I artikkelen om staten Israel står kun hebraisk oppført som offisielt språk.
svarte Rolf Theil
Hei,
I artikkelen om Israel står det: «Offisielle språk er hebraisk og arabisk.» Eg skal med det første prøve å få til ei meir nyansert framstilling.
Som https://www.cia.gov/the-world-factbook/countries/israel/ skriv: «Hebrew (official), Arabic (special status under Israeli law)». Ei utdjuping av dette finn t.d. her: https://www.wikiwand.com/en/Arabic_language_in_Israel.
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.