Lånord er ord som på eit gitt tidspunkt er overteke frå eit anna språk, og som ikkje er nedarva frå den eldste tilgjengelege eller rekonstruerte forma av språket. Lånord kjem gjerne inn i eit språk saman med den tingen eller det forholdet ordet beskriv. Det kan også skje på grunn av språklege motar, til dømes fordi det er prestisje knytt til eit framandt språk, på kostnad av eldre, innfødde ord.
Når eit lånord i form eller bøying skil seg ut frå vanlege, innfødde ord, kallar ein det ofte framandord, til forskjell frå lånord i snevrare forstand, der orda er tilpassa strukturen i språket det er lånt inn i. Slike lånord kan ofte berre skiljast frå det nedarva ordtilfanget ved språkvitskaplege eller historiske metodar. Dette gjeld eit svært stort tal av dei mest alminnelege orda i norsk, som herre, frue, skute, klok, bruke, begynne, betale og så vidare. Alle desse orda er lånte frå tysk gjennom dansk.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.