Skogbruket er viktig og drivast ofte i kombinasjon med jordbruk og anna arbeid. Dei fleste gardane er små, og jordbruksarealet blir nytta i all hovudsak til grasproduksjon. Det blir halde storfe og i særleg grad sau. Industrien blir dominert av sagbruk og trevareindustri med 37 prosent av dei sysselsette i industrien i Bygland (2017), mellom anna ANS Byglandsfjord Sag. Dei to bransjane gummi-, plast- og mineralsk industri (mellom anna Bygland Plast AS) og metallvareindustri, med mellom anna smykkeproduksjon, har begge 18 prosent av industrisysselsetjinga i kommunen, medan næringsmiddelindustri har 15 prosent (2017).
Sølvsmedverksemda er synleg i turistsamanheng, og turismen utgjer ein stadig viktigare del av næringsgrunnlaget. Det er turisthotell, utleige og sal av tomter og hyttar og fleire campingplassar i kommunen. Kommunen satsar sterkt på turistutvikling på grunn av stor gjennomgangstrafikk (om lag 350 000 bilar per år), og prioriterer kulturliv og aktivitetar som er tilknytta turismen.
Bygland har middels stor vasskraftproduksjon. Dei sju vasskraftverka i kommunen produserer til saman 374 gigawattimer i året (gjennomsnitt 1993-2020). Det største kraftverket er Hekni (i drift fra 1995), som står for om lag to tredjedeler av vasskraftproduksjonen. Andre store kraftverk er Hovatn (1971) og Søråni (2019). Å Energi Vannkraft er hovudeigar av om lag nitti prosent av vasskraftproduksjonen i kommunen. Nest største eigar er Søråni Kraft med om lag seks prosent.
Av dei busette yrkestakarane i Bygland har 44 prosent arbeider utanfor kommunen, medan 26 prosent arbeider i resten av setesdalskommunene, først og fremst Evje og Hornnes, og fem prosent i Kristiansand (2018).
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.