På sørlege Karmøy finn ein overgang frå p, t, k til b, d, g etter vokal, i likskap med dialektene i Rogaland. Fenomenet startar ved Ferkingstad og aukar på sørover til Skudeneshavn.
Overgangen p, t, k til b, d, g vil seia overgang frå ustemde til tilsvarande stemde plosivar. Populært blir dette dialektdraget kalla overgang til blaute konsonanter.
Endringa skjer ved opphavleg korte plosivar som står etter lang eller forlengd vokal, for eksempel å bida og å veda (norrønt bíta og vita). Andre døme på overgangen er eda (eta), liden, mad (mat), bog (bok), å kòga, ei vega (ei veke), å taba, eit håb, å roba (ropa).
I dag er dei blaute konsonantane på retur blant unge, særleg på Sør-Karmøy. Ungdommen bytter ut b-d-g med p-t-k, og mange seier nå difor motepress, stupebrett, eit møte, ukeplan og så bortetter.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.