Fakerten er eit dialektalt banneord. Det er i bruk på Vestlandet, hovudsakleg i Hordaland, men også dokumentert i Rogaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Ordet er ein variant av fy fanden, og brukast for å uttrykke harme, for å forsterke eller for å vise sjokk. Det er vanleg å setje fy framfor ordet: fy fakerten. Fakerten blir som regel oppfatta som svak banning.
fakerten
Eksempler
- «Akkurat det kan me fakerten ikkje ha någe av!» (Språkbanken, Norwegian Web as Corpus)
- «Kanskje ikkje akkurat som Guinness International Champions Cup-prestisje, men fakerten ikkje langt unna.» (VGs debattside, vgd.no)
- «Fy fakerten så tøft det såg ut!» (Norsk Ordbok 2014)
Varianter
Fakeren
- «Fakeren veit» (Ingvald Forsberg: Det nye riket)
- «Gje deg fakern opp i skolen» (Lars Berg: Kvinna og Havet)
Fakelen (eigeform: fakels)
- «Ja, fakelen veit kva han er.» (Norsk Ordbok 2014)
- «Den fakels Kari, fakels kvinnfolk» (Norsk Ordbok 2014)
- «Desse fakels treskoene» (Jens Tvedt: Vanheppa)
Faken
- «Faken heller» (iHarstad)
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.