Flaggdag er dagar ein skal flagge i Noreg. Nokre dagar er ved kongeleg resolusjon fastsett som offisielle flaggdagar, og på desse dagane er flagging påbode for offentlege bygningar og eigedommar. Regjeringa kan dessutan vedta offentleg flagging ved andre høgtidelege og festlege høve, og dessutan ved offisielle besøk av statsoverhovud.
flaggdag
Flaggdagar i Noreg
Dato | Høve |
---|---|
1. januar | Fyrste nyttårsdag |
21. januar* | Prinsesse Ingrid Alexandras fødselsdag |
6. februar | Samefolkets dag |
21. februar* | Kong Haralds fødselsdag |
1. mai* | Offentleg høgtidsdag, Første mai |
8. mai* | Frigjøringsdagen 1945 |
17. mai* | Grunnlovsdagen; Noregs nasjonaldag |
7. juni* | Unionsoppløysinga 1905 |
4. juli* | Dronning Sonjas fødselsdag |
20. juli* | Kronprins Haakons fødselsdag |
29. juli | Olsok |
19. august* | Kronprinsesse Mette-Marits fødselsdag |
25. desember | Fyrste juledag |
I tillegg kjem dei rørlege flaggdagane 1. påskedag, 1. pinsedag og stortingsvaldagen*.
Samiske flaggdagar
Dag | Høve |
---|---|
6. februar | Samefolkets dag |
2. mars | Sametinget i Finland opna 1996 |
25. mars | Marimesse, tradisjonell samisk merkedag |
24. juni | Midsumars dag, Jonsok |
9. august | Den internasjonale urfolksdagen |
15. august | Sameflagget innført 1986 |
18. august | Samerådet oppretta 1956 |
26. august | Sametinget i Sverige opna 1993 |
9. oktober | Sametinget i Noreg opna 1989 |
9. november | Sameparlamentet i Finland opna 1973 |
15. november | Isak Saba født 1875 |
29. november | Elsa Laula født 1877 |
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.