Gravenstein er ein eplesort som kan følgjast sikkert bakover til 1698 til slottet Graasten i Danmark (på tysk: Gravenstein). Sorten kom til Noreg (Hardanger) i 1792. Gravenstein var vår viktigaste eplesort fram til 1970-åra.
Frukta av vanleg gravenstein er gul, men sorten finst også i mange raude fargevariantar. Epla er middels store og har gulkvitt, litt fint, middels fast og svært saftig kjøtt. Epla blir modne i slutten av september og er haldbare fram til desember. Sorten blir brukt både som bordfrukt og til matlaging. Smaken er syrleg, søt, særprega god og med eit hint av banan.
Pollenet er av dårleg kvalitet og sorten blir mellom anna pollinert av sortane kvit astrakan, filippa og sävstaholm. Treet er kraftigveksande og dannar eit stort tre. Det ber rikt med eple, men har noko tendens til vekselsbering. Sorten er utsett for frukttrekreft, mjøldogg, skurv og rust.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.