Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                
Johannesbrødtre (foto)

Johannesbrød, frukta frå johannesbrødtreet.

Johannesbrødtre (foto)
Av /※.

Global produksjon av johannesbrødtre, 1961-2021

1961 656877
1962 600025
1963 573335
1964 654292
1965 653908
1966 574265
1967 539283
1968 528716
1969 586274
1970 561892
1971 486009
1972 476425
1973 496976
1974 435022
1975 417401
1976 435657
1977 352808
1978 376516
1979 366301
1980 362328
1981 374163
1982 364414
1983 339258
1984 312409
1985 304204
1986 321167
1987 265803
1988 295463
1989 266628
1990 268006
1991 158496
1992 154345.92
1993 161291.59
1994 128370.77
1995 146122.13
1996 151154.86
1997 144852.46
1998 154232
1999 155969.08
2000 155440.21
2001 126741.92
2002 133529.51
2003 120660.94
2004 114664.14
2005 144684.68
2006 107261.14
2007 122123.09
2008 151474.9
2009 128932.92
2010 127988.01
2011 157418.73
2012 126405.04
2013 114823.06
2014 166448.69
2015 133350.49
2016 135888.44
2017 138842.99
2018 46623.37
2019 47400.52
2020 50026.58
2021 51906.58
Kilde: FAOSTAT

Johannesbrødtre er eit tre i erteblomfamilien som til vanleg blir dyrka i middelhavslanda. Frukta som blir kalla johannesbrød, har ein mild smak med undertoner av sjokolade og blir bruka i dessertar, kaker, bakarvarer og drikke.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Ceratonia siliqua
Beskriven av
Carl von Linné
Årleg global produksjon
51 900 tonn (2021)

Ordet karat, som ein nyttar om diamantar, kjem av det greske namnet på planten. I gamal tid blei frøa til planten bruka som lodd. Kvart frø veg nøyaktig 0,2 gram, som svarer til éin karat.

Namnet johannesbrødtre er etter døyparen Johannes, som skal ha hatt belgene som einaste føde ved opphaldet sitt i ørkenen.

Skildring

Treet kan bli opptil 10 meter høgt, og det har lêraktige, vintergrøne blad, lange blomeklasar og 20 centimeter lange, lêraktige frukter (belger) med 12–16 ertestore frø.

Frukta blir kalla johannesbrød og inneheld cirka 50 prosent sukker og noko garvesyre og smørsyre. Sukkeret blir først danna etter at dei umodne fruktene har vore tørka ei stund i sola.

Uekte johannesbrødtre er det indiske treet Cassia fistula som tilhøyrer den same familien.

Bruk

Ceratonia siliqua

Ceratonia siliqua, johannesbrødtre. Foto frå: Samos, Hellas

Det er belgene og frøene som blir tørka ei stund og bruka. Smaken er mild og søtlig med undertoner av sjokolade.

Johannesbrød blir ete rått eller bløytt, i kaker og dessertar, bakarvarer og drikker, og kan erstatte kakao og sjokolade. Smaken er spesielt veleigna saman med honning, vanilje og kanel.

Rista, malne frø har vorte brukte som kaffierstatning. Krydderet blir brukt også til å setja smak på likørar og brennevin. Det blir også brukt til dyrefôr, og ekstrakt av fruktene blir brukt medisinsk ved katarrar.

Historie

Johannesbrød har vore brukte i kokekunsten sidan antikken, og er omtalt fleire stader i gamle egyptiske skrifter og i Bibelen.

Ordet karat er utleidd frå keration som er det greske namnet på planten. Frøa frå johannesbrød, som alle er like store, vart i gammal tid vart brukt som vegelodd når ein vog gull og edelsteinar. Kvart frø veg nøyaktig 0,2 gram, som svarer til éin karat.

Innan folkemedisinen har planten vorte brukt mot mellom anna diaré́.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Ceratonia siliqua
GBIF-ID
5356354

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg