Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                

Kirsebær er frukttre i kirsebærslekta og fruktene som trea ber. Det finst 30 artar kirsebærtre og av desse blir det dyrka surkirsebær og morellar (søtkirsebær). Av dei dyrka artane finst mange sortar. Kirsebærtrea får vakre blomar som blomstrar tidleg og kort. Spesielt i Japan er kirsebærblomstringa ei viktig storhending.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Prunus cerasus
Beskriven av
Carl von Linné
Årleg global produksjon
Søtkirsebær: 1,5 millionar tonn (2021); surkirsebær: 2.7 milllionar tonn (2021)
Årleg norsk produksjon
899 tonn (2021)

Kirsebær har mange bruksområde. Surkirsebæra er svært syrlege på smak og blir mellom anna brukte til saft, syltetøy, likør og vin. Morellar har ein mild og søt smak som gjer dei ettertrakta som etefrukt. Av kirsebærkjernar blir det pressa olje til bittermandelvatn.

Eit kjent norsk uttrykk er «(ein skal ikkje) ete kirsebær med dei store», som betyr «(ein skal ikkje) innlate seg med overmennene sine».

Beskriving

Kirsebær er tre, høgda varierer mellom artane. Blomane er femtallige og kvite til rosa. Blomane blir pollinerte av insekt. Dei ber kjøtfulle steinfrukter med frø. Frøa blir spreidde med fuglar.

Surkirsebær

Blomar på surkirsebærtre, Prunus cerasus.

Surkirsebær, Prunus cerasus, stammar frå det sørvestlege Asia, og har vore kjent i Noreg frå omkring år 1150. Arten blir dyrka nord til Nordland, og finst forvilla enkelte stader i Sør-Noreg.

Surkirsebærtre blir 3–8 meter høge og set mange rotskot. Blada blir 8–10 centimeter lange, og er spisse, glatte og fint sagtanna. Nedst på bladkanten er det grøne kjertlar. Surkirsebær har ikkje kjertlar på bladstilken. Blomane sit 3–4 saman i ein skjerm. Surkirsebær blomstrar etter knoppsprett.

Underarten Prunus cerasus var. austera har mørkfarga frukt og farga saft, medan underarten glasskirsebær, Prunus cerasus var. caproniana, har lysare frukt og klar saft.

Kirsebæra er svært syrlege på smak og blir mellom anna brukte til saft, syltetøy, likør og vin. Dei inneheld cirka 10 milligram vitamin C, 176 milligram kalium og 82 prosent vatn. Dei har 228 kilojoule tilførte energi per 100 gram etande vare.

Morell (søtkirsebær)

Morell
Morell, prunus avium, er ein gammal kulturplante som har vore dyrka i Noreg frå midten av 1700-talet.

Morell, Prunus avium, veks vilt i Vest-Asia og Europa. I Noreg finst morell langs kysten opp til nordlege delar av Trøndelag. Morell er ein gammal kulturplante som i Noreg har vore dyrka frå midten av 1700-talet, og blir òg kalla for søtkirsebær.

Treet kan bli opptil tolv meter høgt. Blada er større enn hos surkirsebær. Blada er hengande og grovtagga med spreidd hårete underside og 1–2 purpurfarga kjertlar på bladstilken. Blomane sit 2–5 saman i ein skjerm. Fruktene, både hos villformer og dyrka sortar, er varierande med omsyn til fastleik og farge. Dei kan vere gule, raude, brune, svarte og overgangar, men fruktene er større hos dei dyrka variantane.

Morell er den norske frukttrearten som toler minst frost over jorda, og dyrkinga er difor særleg utbreidd der normaltemperaturen om vinteren er omkring 0 °C.

I Noreg blir det dyrka mest morell i Indre Hardanger. Den blomstrar tidleg, og er difor utsett for frostskade i blomen. Treet kan bli stort og gammalt. Morell er sjølvsteril og blir formeira ved poding. Det blir brukt mest frøformerte grunnstammar av same art som også blir brukt til kirsebær og hybridkirsebær. Det finst òg vegetativt formeira grunnstammetypar.

Morell har ein mild og søt smak som gjer dei ettertrakta som etefrukt. Dei inneheld rundt 10 milligram vitamin C, 173 milligram kalium, 86 prosent vatn, og har 207 kilojoule tilførte energi per 100 gram etande vare.

Nokre varietetar blir dyrka som prydtre på grunn av vakker blomstring. Dette gjeld til dømes prydmorelltreet, Prunus avium var. plena, som har store, kvite, fylte blomar.

Symbolikk

Kirsebærtre i blomstring
I Japan symboliserer kirsebær rikdom og framgong.
Kirsebærtre i blomstring
Av /Shutterstock.

I Japan står kirsebær for rikdom og framgang. I Kina er blomen eit symbol på våren, på ungdom og håp, og står òg for kvinneleg skjønnheit. Kirsebærtreet kan òg symbolisere mennesket som blir fødd nake inn i verda, ettersom blomane hos ein del artar kjem før lauvet.

Ved

Veden av morell er gul til raudleg farga i yten og går mot kjernen over til raudbrun, ofte med dekorative flammar. Densitet ved 15 prosent fukt er om lag 0,58 gram per kubikkcentimeter. Veden er hard, men bøyeleg og elastisk, og vanskeleg spaltbar. Den blir brukt ein del til finare innreiingsmateriale, ofte som kryssfinér.

Sortar av morell

Global produksjon av søtkirsebær, 1961–2021

1961 1298510
1962 1267184
1963 1288680
1964 1386827
1965 1112663
1966 1347135
1967 1252503
1968 1419775
1969 1295631
1970 1460011
1971 1405817
1972 1148143
1973 1346863
1974 1250961
1975 1359811
1976 1433047
1977 1141653
1978 1275730
1979 1503153
1980 1279075
1981 1208548
1982 1520456
1983 1586539
1984 1580931
1985 1529909
1986 1496473
1987 1530361
1988 1459639
1989 1526215
1990 1397332
1991 1256983.76
1992 1754281.13
1993 1703784.94
1994 1627026.73
1995 1626965.56
1996 1794715.68
1997 1635889.52
1998 1636487.3
1999 1822549.98
2000 1897047.38
2001 1814827.16
2002 2093768.02
2003 1715488.51
2004 1696571.43
2005 1843478.24
2006 1903069.48
2007 1990196.36
2008 1856278.63
2009 2157115.37
2010 1997615.38
2011 2155190.39
2012 2209051.93
2013 2295018.36
2014 2187771.42
2015 2262619.18
2016 2346011.56
2017 2449772.09
2018 2569613.69
2019 2630541.18
2020 2632985.16
2021 2732413.19
Kilde: FAOSTAT
Sortsnavn Brukstid Kvalitet Fruktstorleik, farge og bereevne Pollensort Andre opplysningar
Dønissens Gule Slutten av juli God, søt Middels, lys, ber rikt Merton Glory, Lapins, Sunburst Einaste søtkirsebær heilt utan raudfarge
Early Rivers Først i juli Svært god Middels, svart, ber rikt Emperor Francis, Merton Glory, Ulster, Lapins, Van Sprekk lite, toler lite skjering
Emperor Francis Først i august Svært god Stor, lys, ber rikt Merton Glory, Lapins, Sue, Van, Sunburst Må ikkje haustast for tidleg
Huldra Sist i juli God Middels, mørk, stor avling Lapins, Sue, Sunburst, Ulster, Van Svensk
Kassin Først i juli God Middels, mørk, ber rikt Emperor Francis, Merton Glory, Ulster, Van, Vista Berre på stader med mild vinter
Kristin Juli–august Svært god Stor, mørk, ber rikt Emperor Francis, Kassin, Merton Glory, Lapins, Sue Berre på stader med mild vinter, ny sort
Lapins Midten av august Stor, mørk, stor avling Sjølvfertil Sein sort
Merton Glory Juli Svært god Svært stor, lys, ber middels Early Rivers, Emperor Francis, Lapins, Sunburst, Van Berre på stader med mild vinter, laus i kjøtet
Merton Premier Midt i juli Svært god Middels, mørk, stor avling Lapins, Sunburst, Merton Glory Aktuell på stader med kalde vintrar
Ranna Byrjinga av juli Svært god Middels, mørk, middels avling Lapins, Merton Glory, Sunburst Vår tidlegaste sort
Sue Sist i juli Svært god Middels, lys, ber rikt Early Rivers, Merton Glory, Stella, Van, Vista Sterk mot sprekking
Sunburst Første del av august Svært stor, mørk, stor avling Selvfertil Lovande sort
Ulster Sist i juli Svært god Stor, mørk, ber rikt Early Rivers, Kassin, Merton Glory, Van, Vista Sterk mot sprekking, fast fruktkjøt
Van Juli–august Svært god Stor, mørk, ber svært rikt Emperor Francis, Merton Glory, Sue, Ulster Den mest brukte sorten, utsett for soppsjukdommar

Sortar av surkirsebær

Global produksjon av surkirsebær, 1961–2021

1961 542176
1962 526077
1963 452174
1964 655441
1965 478896
1966 495887
1967 441908
1968 629223
1969 525571
1970 538807
1971 654944
1972 537169
1973 514722
1974 561309
1975 593995
1976 547630
1977 590120
1978 572612
1979 723522
1980 665347
1981 653855
1982 858025
1983 878636
1984 876433
1985 940469
1986 856272
1987 900293
1988 953636
1989 985895
1990 868200
1991 849675.77
1992 1187228.56
1993 1218582.17
1994 991931.97
1995 1031988.35
1996 1160216.65
1997 1078770.41
1998 995036.99
1999 987799.45
2000 1120028.39
2001 1123169.63
2002 972954.26
2003 1133563.34
2004 1239598.72
2005 1154137
2006 1142365.8
2007 1191996.53
2008 1221120.98
2009 1340053.16
2010 1131115.51
2011 1251546.71
2012 1161311.86
2013 1385989.41
2014 1332621.87
2015 1342819.91
2016 1405016.99
2017 1186334.2
2018 1581621.71
2019 1408562.51
2020 1481032
2021 1514664.81
Kilde: FAOSTAT
Sortsnavn Brukstid Kvalitet Fruktstorleik, farge og bereevne Pollensort Andre opplysningar
Fanal August–september God Stor, mørk, ber svært rikt Sjølvfertil Sur, god som hushaldningsfrukt, viktig handelssort, sterk mot Monilia
Hardanger Først i august God Liten, lys, ber lite til middels Fanal, Søtkirsebær, Sjølvfertil Mest vanleg i Trøndelag og Hardanger, også kalla Frostakirsebær
Ostheim Først i august God Middels, mørk, ber lite til middels Fanal, Søtkirsebær Lite sur, dekorativt tre, gode etebær
Skyggemorell Slutten av august Svært god Stor, mørk, ber rikt Sjølvfertil Hardfør, god til saft og konservering
Stevnsbær Slutten av august God til hushaldning Liten, mørk, stor avling Sjølvfertil Passer i småhagar, sein å plukke

Systematikk

Nivå Vitenskapelig navn Norsk navn
Rike Plantae planteriket
Rekke Magnoliophyta blomsterplanter, dekkfrøete planter, dekkfrøingar
Klasse Eudicots tofrøbladete planter
Orden Rosales roseordenen
Familie Rosaceae rosefamilien
Slekt Prunus kirsebærslekta
Art Prunus cerasus kirsebær, surkirsebær

Systematikken følger Artsdatabankens inndeling (2024).

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Prunus cerasus
Tidlegare vitskapleg namn
Cerasus vulgaris Mill.
Artsdatabanken-ID
103370
GBIF-ID
3021922

Kommentarar (2)

skreiv Janne Horn Erath

"Svarteliste" er utgått som begrep.
Sjekk også oppdatert fremmedartsstatus.

skreiv Unni Vik

Takk for kommentarar! Artikkelen er oppdatert.

Alt godt,
Unni

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg