Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                

Kvese er det (gamle) folkelege namnet på det blæreforma larvestadiet til bendelormen Taenia multiceps (tidlegare kalla Multiceps multiceps), som lever som vaksen, kjønnsmoden orm i tunntarmen til hund, rev og andre hundedyr.

Kvese-stadiet av denne bendelormen kan finnast i sentralnervesystemet (oftast i hjernen, av og til i ryggmargen) særleg hos sau, men også hos geit, storfe, hest, gris og nokre andre dyreslag. Det vitskaplege namnet på kvese-stadiet til denne arta er coenurus (Coenurus cerebralis), eller coenur på norsk. Bendelormen Taenia multiceps finst truleg ikkje i Noreg i dag. Arta er også sjeldan i andre vesteuropeiske land med unntak av nokre område i Italia.

Utvikling og overføring

Dei fleste bendelormar (cestodar) har ein toverts (indirekte) livssyklus, der vertane for dei fullvaksne bendelormane blir kalla endevertar (hovudvertar, sluttvertar), medan vertane for ulike typar larvestadium (mellomstadium, metacestodar) blir kalla mellomvertar. For Taenia multiceps fungerer altså hund, rev og nokre andre hundedyr som endevertar, medan ulike pattedyr fungerer som mellomvertar. Dei vaksne, tvekjønna bendelormane i tunntarmen (opptil 100 cm lange) produserer store mengder med smittsame (infektive) egg, som hopar seg opp inni dei bakarste ledda (segmenta, proglottidane), og blir skilde ut inni ledda via avføringa til endevertane. Ute i miljøet går ledda så i oppløysing og egga blir frie.

Sau og andre mellomvertar blir smitta av Taenia multiceps via fôr og drikke forureina (kontaminert) med egghaldig avføring frå smitta hund eller rev. I tarmen hos mellomvertane klekkjer det fyrste larvestadiet (sekshakelarve, oncosfære) frå egga og vandrar med blodet ut i kroppen. Berre larver som hamnar i hjerne eller ryggmarg er i stand til å utvikla seg vidare til neste larvestadium, som er ein såkalla coenur (eller kvese). Det sistnemnde larvestadiet er ei væskefylt blære, som etter gradvis vekst over 6–8 månader til slutt kan bli opptil 5 cm i diameter. På innsida av blæreveggen utviklar det seg under denne utviklinga anlegg til fremre del (hovud, scolex) av opptil 200 nye bendelormar (jfr. artsnamnet ‘multiceps,’, som tyder ‘mange hovud’). Ein hund eller rev som et i seg éi slik blære i infisert hjernevev hos ein mellomvert kan dermed få utvikla opptil 200 bendelormar i tunntarmen.

Skadeleg effekt på mellomvertane

Hos sau og andre mellomvertar finst coenurane (kvesene) som oftast i hjernen, men av og til også i ryggmargen.

I etableringsfasen vandrar det fyrste larvestadiet (sekshakelarvene) omkring i desse veva og lagar boregangar. Det oppstår dermed skadar, blødingar og betennelsesreaksjonar (akutt fase). Dei veksande og fullvaksne coenurane fortrengjer det normale hjerne- og ryggmargsvevet, noko som kan gå ut over ulike hjerne- og ryggmargsfunksjonar (kronisk fase). Kliniske symptom opptrer hovudsakleg hos lam, og då gjerne i den tidlege akutte fasen av infeksjonen når larvene vandrar rundt i nervevevet og skadar dette. Dyra kan då visa ulike sentralnervøse symptom, mellom anna ukoordinerte rørsler og sirkelgange. Sistnemnde symptom er bakgrunnen for det folkelege sjukdomsnamnet dreiesjuke for denne infeksjonen.

Det vitskaplege namnet på sjukdommen er coenurosis (norsk: coenurose). Seinare i infeksjonsforløpet (i kronisk fase) kan dyra bli blinde, få ustø gange, dei kan få lammelsar og bli sløve, og til slutt kan dei stryka med, eller dei må avlivast. Infeksjon med andre mikroorganismar kan gje liknande symptom hos sau, mellom anna bakterieinfeksjonen listeriose og virusinfeksjonen louping ill.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg