Hjernen er det organet som gjer oss i stand til å sanse, tenkje og styre kroppen sine rørsler. Hjernen ligg inni hovudskallen. Rundt hjernen ligg det fleire lag med hjernehinner.
Faktaboks
- Også kjend som
-
latinsk: cerebrum, gresk: enkefalon, encephalon
Hjernen er ein del av sentralnervesystemet, som held fram i ryggmergen. Nervane til kroppen går hovudsakleg ut frå ryggmergen, men det er også tolv par nervar som går direkte ut frå hjernen (hjernenervane).
Hos vaksne menneske veg hjernen om lag 1,3–1,5 kilo.
Funksjonen til hjernen kan grovt delast inn i fire kategoriar:
- Hjernen får sanseinformasjon frå kroppen og gjer at ein kjenner til dømes smak, lukt og berøring.
- Som ein respons på motteken informasjon kan nervesystemet få fram ein viljestyrt reaksjon, til dømes løping eller skriving.
- Hjernen har også den overordna kontrollen med dei indre organa våre, til dømes tarmen og hormonsystemet.
- Hjernen sine kognitive funksjonar går ut på å samanlikne opplysningane frå dei ulike sanseorgana, og på det grunnlaget trekkje opp meir langsiktige strategiar for åtferd, abstrakt tenking og omgrepsdanning, språkfunksjonar og hukommelse.
Hjernen består av nerveceller (nevron) og støtteceller, også kalla gliaceller (meir om gliaceller i avsnittet om nervevev). Nervecellene er spesialiserte til å få og sende nerveimpulsar. Nervecellene er nøye organiserte i ulike delar som blir kalla storhjernen, veslehjernen og hjernestammen. Alle dei ulike delane av hjernen har hovudansvar for nokre funksjonar, men dei ulike delane «snakkar» også nøye saman. Storhjernen og veslehjernen er begge delte i to halvdelar som har eit samband mellom seg. Det ytste laget av både storhjernen og veslehjernen ser grått ut og blir kalla hjerneborken eller grå substans. Innanfor denne ligg hjernemergen, som ser kvit ut og blir kalla kvit substans.
Hjernestammen er sambandet mellom hjernen og ryggmergen. I hjernestammen finst det kjernar som kontrollerer fleire livsviktige kroppsfunksjonar, mellom anna medvit og respirasjon.
Det er mange sjukdommar som kan ramme hjernen. Nokre av dei vanlegaste er hjerneslag, demens og epilepsi. Det finst mange måtar å undersøkje hjernen på, både for å kartleggje normalfunksjon og for å avdekkje sjukdom.
Les meir om undersøking av hjernen og hjernesjukdommar.
Det er ein myte at menneske berre bruker ein liten prosentdel (ofte angitt til ti prosent) av hjernen og har ein stor og ubrukt hjernekapasitet. Menneske bruker heile hjernen, noko som også viser seg gjennom det høge energiforbruket.
Kommentarar (2)
skreiv Ane Jensen
Hei! Det er en feil i anatomibildet med oversikt over hjernens sirkulasjon, a. basilaris og a. vertebralis sin + dex har skiftet plass.
svarte Halvard Hiis
Hei, Ane. Det var godt sett! Nå er figuren fiksa. Hilsen Halvard i redaksjonen.
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.