I Den norske kyrkja er vilkåret for å bli ordinert at ein er tilsett i («kalla til») ei konkret teneste som krev fullmakt for å forkynne og forrette dåp og nattverd. Etter endringar vedtekne av Bispemøtet i februar 2023 blir ein prest vigsla, ikkje ordinert. Ifølgje Bispemøtet er det ikkje nokon prinsipiell skilnad mellom vigsling og ordinasjon. Dermed vil biskopane nytte omgrepet «vigsling» til prest, diakon, kateket og kantor. Dette tyder at tenesta med Ord og sakrament i Den norske kyrkja er likestilt med dei andre nemnde tenestekategoriane.
For å bli tilsett som prest og dermed vigsla, må ein person ha rett til å bruke tittelen cand.theol., og som del av denne ha fullført praktisk-teologisk utdanning (profesjonsutdanning i teologi). Praktisk-teologisk utdanning kan òg vere gjennomført utanfor graden. Men cand.theol. er ikkje lenger einaste krav for vigsling/tilsetjing som prest. Kvalifisert er òg ein person som har fylt 35 år på tidspunktet for tilsetjing, har fullført mastergrad, 120 studiepoeng i tradisjonelle teologiske disiplinar og 60 studiepoeng praktisk-teologisk utdanning (nærmare spesifisert i Tjenesteordning med kvalifikasjonskrav for menighetsprester). Dessutan kjem person som er godkjend etter reglar om godkjenning av personar til prestestillingar på grunnlag av «særlige kvalifikasjoner».
Før vigslinga kan finne stad, må den som skal vigslast ha ein samtale med biskopen. Dette er organisert i programmet Veien til prestetjeneste (VTP) som går føre seg parallelt med studiet og skal førebu studentane til presteteneste. Mellom anna skal det gjere det mogleg for deltakar og biskop å bli betre kjende med kvarandre, og gje biskopen høve til å prøve om deltakaren er skikka for tenesta. Sjølve vigslingshandlinga går føre seg i ramma av ei høgmesse der biskopen forrettar, assistert av prosten og tre til fem prestar.
Ved vigslinga tek kandidaten eit løfte der hen lover å forkynne Guds ord ifølgje Bibelen og vedkjenninga til kyrkja, forvalte sakramenta etter Kristi innstifting og kyrkjeordenen, ta omsorg for den einskilde gjennom sjelesorg og skriftemål, vegleie og formane kyrkjelyden til omvending, tru og eit heilagt liv, og dessutan sjølv å leve etter Guds ord og stadig halde fram med teologisk fordjuping.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.