Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                
Hausting av peanøtter
Hausting av peanøtter
Av /Shutterstock.

Global produksjon av peanøtt, 1961-2021

1961 14134052
1962 15097797
1963 15879053
1964 16629190
1965 15831587
1966 16306244
1967 17468561
1968 16024094
1969 16626235
1970 17973404
1971 18897229
1972 16366940
1973 17252562
1974 18789493
1975 19118177
1976 17002185
1977 17681164
1978 18473206
1979 18102378
1980 16891257
1981 20584511
1982 18066535
1983 19118318
1984 19926792
1985 20946671
1986 21503814
1987 21638337
1988 25603990
1989 23110376
1990 23087546
1991 23615480.38
1992 24501169.32
1993 26058107.17
1994 28739800.77
1995 28685209.85
1996 31089458.59
1997 29330810.51
1998 33824777.48
1999 31928158.82
2000 34789445.25
2001 35816504.63
2002 32932335.63
2003 36238927.7
2004 36413560.24
2005 38559758.11
2006 33413852.39
2007 37507121.76
2008 38753493.27
2009 37354960.83
2010 43549311.55
2011 41116604.13
2012 42407916.08
2013 46966905.82
2014 46109132.62
2015 45026355.96
2016 46210248.24
2017 48437692.32
2018 51464146.46
2019 48759958.78
2020 53790839.31
2021 53926894.17
Kilde: FAOSTAT

Peanøtt er ein planteart i erteblomfamilien. Fruktene som blir danna, er belger med frø, og dei er etande. Planten blir av og til kalla jordnøtt, men må ikkje forvekslast med arten jordnøtt, som er ein plante i skjermplantefamilien.

Faktaboks

Uttale
pˈi:a-
Også kjend som
jordnøtt
Vitskapeleg namn
Arachis hypogaea
Beskriven av
Carl von Linné
Årleg global produksjon
53,9 millioner tonn (2021)

Skildring

Peanøtt er ein rundt 50 centimeter høg eittårig urt. Planten har raudgule, sterile blomar i dei øvre bladhjørna. I dei nedre bladhjørna sit kleistogame blomar (blomar som set frø utan at dei har opna seg) på skaft som etter bløminga blir forlengt, bøyer seg nedover og pressar den unge frukta – ein tofrøa belg – ned i jorda, der ho modnast. Storleiken på belgen varierer, mest vanleg er lengd på 3–4 centimeter.

Utbreiing

Peanøtt stammar frå Sør-Amerika, men blir overalt dyrka i tropane.

Produksjon

Peanøtter India
Peanøttprodusent i Madras, India, viser fram avlinga. Nest etter Kina er India det største produsentlandet for peanøtter.
Av /ILO.
Lisens: CC BY NC ND 2.0

Største produsentland, 2019. Mengd i 1000 tonn, med skal.

Land
Kina 17 520
India 6 727
Nigeria 4 450
Sudan 2 828
USA 2 493
Myanmar 1 616

Kjelde: FAO

Dyrking og bruk

Peanøttfrøa er ei stor handelsvare, og blir selde rå, rista eller salta.

Av årsproduksjonen blir store mengder malne til jordnøttmjøl, som blir brukt til dyrefôr, oftast blanda med andre fôrmjøl. Av frøa blir det elles pressa jordnøttolje (arachisolje), som blir brukt i både hushald og industri.

100 gram peanøtter inneheld om lag 45–50 gram feitt med eit høgt innhald av fleirumetta feittsyrer, cirka 25 gram protein og 12–19 gram karbohydrat. I usalta peanøtter er cirka halvparten av karbohydrata stivelse og halvparten enkle sukkerartar.

Systematikk

Nivå Vitenskapelig navn Norsk navn
Rike Plantae planteriket
Rekke Magnoliophyta blomsterplanter, dekkfrøete planter, dekkfrøingar
Klasse Eudicots tofrøbladete planter
Orden Fabales erteblomordenen, erteblomstordenen
Familie Fabaceae erteblomstfamilien, erteblomfamilien
Slekt Arachis peanøttslekta
Art Arachis hypogaea (jordnøtt), peanøtt

Systematikken følger Artsdatabankens inndeling (2024).

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Arachis hypogaea
Artsdatabanken-ID
101896
GBIF-ID
5353770

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg