Pride, frå det engelske ordet for stoltheit, er ei feiring av skeiv kjærleik og mangfald. Sidan tidleg 1970-tal har pride-feiringane i stadig større grad satt sitt preg på norske byar og tettstader, og gjort det skeive miljøet stadig synlegare i det norske samfunnet. Dette inkluderer også pride i samisk kontekst; i 2015 vart pride for fyrste gong organisert i Sápmi, nærmare bestemt i Karasjok.
Som identitetsmarkør nyttast «skeiv» av personar som ikkje vil nytte tradisjonelle identitetskategoriar som homofil eller lesbisk. Skeiv kan også nyttast som mangfaldsomgrep, og famnar då homofile, lesbiske, bifile, transpersonar og intersex (LHBTI), og andre kjønns- og seksualitetsuttrykk. Felles for desse er at dei fell utanfor heteronormen, og at dei lenge var usynleggjort og marginalisert. Skeiv inkluderer òg BDSM og andre former for fetisjar. Heilt sidan dei fyrste pride-festivalane vart organisert har det vore diskusjon om kva slags grupper skeive som skal gjerast synlege. Frå storsamfunnet har det vore særleg kritikk retta mot nakne kroppar og uanstendig atferd i pride.
Pride-feiringane består som regel av debattar og føredrag, festar og til slutt ein parade. Paraden er kanskje den aller viktigaste arenaen for synleggjering, der pride-deltakarane marsjerer gjennom sentrale delar av norske byar med parolar, flåter og fargerike innslag.
Formålet med pride er å synleggjere det store mangfaldet innan seksualitet, kjønn og kjærleik. Det viktigaste symbolet for pride er regnbogeflagget.
Foreininga FRI og andre delar av den organiserte homobevegelsen var opprinneleg den viktigaste drivkrafta bak organisering av pride-markeringar. Framleis i dag er det mykje samarbeid mellom lokale skeive organisasjonar og eigne pride-foreningar, men i takt med at stadig fleire pride-markeringar finn stad, er det ikkje nødvendigvis alltid ein lokal skeiv organisasjon som står bak. Sidan pride-markeringar har vorte vanlegare, og ein større andel av storsamfunnet sluttar opp om feiringa, er det imidlertid ikkje like lett å identifisere kva slags krefter som står bak utviklinga. Sidan pride i større grad òg har vorte ein stad der næringslivet kan tjene pengar, er det ikkje alltid like lett å sjå den politiske koblinga.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.