Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                

Privatskolelova er ei norsk lov som regulerer drifts- og godkjenningsvilkår for private grunnskular og vidaregåande skular i Noreg. Lova inneheld reglar som skal sikre den grunnlovsfesta retten til utdanning.

Faktaboks

Fullt namn
lov om private skolar med rett til statstilskot
Kortnamn
privatskolelova
Forkorting
prskol
Tredd i kraft
01.10.2003
Lovdata-ID
NL/lov/2003-07-04-84

Føremålet til lova er å leggje til rette for at foreldre og elevar skal kunne velje andre skoletilbod utanom det offentlege, utan at dette går på bekostning av barnets rett til å motta ei viss utdanning.

Den noverande lova erstatta tidlegare privatskolelova frå 1985. Lova har veksla mellom å heite friskolelova og privatskolelova.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg