I biologien er produsent ein fellesnemnar for alle organismar som lagar all nødvendig næring sjølve, altså autotrofe organismar. Produsentar driv primærproduksjon og treng ikkje å ete andre organismar for å overleve. Produsentane utgjer det nedste trofiske nivået i næringskjeder og næringsnett. Grøne plantar og planteplankton er dei vanlegaste produsentane.
Faktaboks
- Uttale
-
produsent
- Etymologi
- til produsere
Alle økosystem er avhengige av produsentar fordi det er desse som gjer om energi til organiske stoff som dannar grunnlaget for næringsnett. Utan produsentar ville det ikkje finnast mat til konsumentar, inkludert menneske og andre dyr. Det er estimert at produsentar produserer meir enn 200 milliardar tonn biomasse kvart år (målt i tørrvekt.)
Det finst to hovudtypar produsent. Fototrofe (og kalla fotoautotrofe) organismar utnyttar solenergien gjennom fotosyntese for å laga organiske stoff. Kjemoautotrofe organismar nyttar kjemisk energi til å produsera organiske stoff gjennom kjemosyntese. Dei aller fleste produsentar er fototrofe, sånn som plantar og dei fleste algar. Kjemoautotrofe organismar er mykje sjeldnare og lever i ekstreme miljø, til dømes bakteriar som lever i hydrotermiske ventilar på havbotnen og i aktive vulkanar.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.