Reinrose er ein lågvaksen dvergbusk i slekta Dryas i rosefamilien. Dvergbusken har tjukke, lêraktige blad som minner om små eikeblad og kvite blomar med åtte kronblad. Blomane er insektspollinerte, og nøttefruktene som blir danna, med lang, hårete og vedvarande griffel, blir spreidde med vinden. Reinrose er, i motsetnad til dei fleste arktisk-alpine plantar, diploid.
Faktaboks
- Vitskapeleg namn
- Dryas octopetala
- Beskriven av
- Carl von Linné
- Raudlistestatus i Noreg
- NT – Nær truet
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.