Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                
Fredagsbønn i ein moské i London i 2016.
Dei rituelle reglane for korrekt praktisering av mellom anna bønn, utgjer ein del av sharia.
Fredagsbønn i ein moské i London i 2016.
Av /Bergens Tidende/NTB Scanpix.

Sharia er den islamske lova og regelverket for praktisering av islam. Sharia er ikkje ei spesifikk lovsamling eller ei nedskrive lovbok, men er ein mangfaldig og kompleks lærd tradisjon som har utvikla seg gjennom fleire hundreår.

Faktaboks

Uttale
sharˈia
Etymologi
arabisk ‘veg’
Også kjend som

arabisk sharīʿa

Sharia blir brukt både om reglane for bønn, faste og andre rituale i islam, og for den islamske lova som vart praktisert i muslimske statar i eldre tid. Reglane har også betydning i muslimske land i dag, særleg for familielov og familieforhold. For mange muslimar står ordet for den samfunnsordenen som Gud har innstifta til menneskas velferd.

Ordet «sharia» kjem frå «veg», og var truleg knytt til ideen om «den rette vegen», som Gud hadde gitt menneska. Derfor knyttast ordet oftast til det guddommelege, og for nokre betyr ordet «rettferdig» uavhengig av dei konkrete rettsreglane.

I vanleg språkbruk deler ein gjerne sharia-reglane i to:

  • Dei rituelle reglane, altså korrekt praktisering av bønn, faste, pilegrimsreisa (hajj), med vidare.
  • Konkrete lovreglar for livet i det muslimske samfunnet, det vi normalt kallar «islamsk lov».

Dei to utgjer eit heile i islamsk tenking, og islamsk rettsvitskap omfattar både reglar for rituala, og for samfunnslivet allmennt.

I rettsvitskapen skil ein likevel mellom dei to områda. Rituala blir kalla «tilbeding» (ibadat), og dreier seg om forholdet mellom Gud og menneska. Dei truande følger desse reglane fordi Gud har bedt dei om det. Dei andre blir kalla «transaksjonar» (muamalat), eller forhold mellom menneske og menneske. Dei vart innretta av Gud til menneskas beste og velferd (maslaha). Berre dei siste, transaksjonsreglane, kjem opp i ein rettssal. Brot på ritual-reglane er ei sak berre mellom den truande og Gud.

Det er usemje om når og korleis sharia-reglane vart utforma. I klassisk islamsk tenking la profeten Muhammads samtidige merke til kva han gjorde, og fortalde etterslekta om dette i «profet-tradisjonar» (hadith). Etter to til tre generasjonar begynte lærde å gjere desse tradisjonane om til systematiske lovsystem og utvikla ein rettsvitskap, fiqh. På 800-talet, altså to hundreår etter profetens død, var så lova ferdig og seinare juristar og dommarar skulle halde seg til den.

Variasjonar av lova

Målet var jo å samle alle muslimar til ei felles lov. Men usemja mellom dei lærde var så stor at dei ikkje klarte å sameinast heilt. I staden danna det seg fire ulike variantar av den islamske lova, kalla «dei fire lovskulane» (madhhab). Kvar av desse fire variantane kom til å dominere i kvar sin del av den islamske verda:

Det er ikkje teologisk forskjell mellom desse fire, dei høyrer alle til fleirtalsretninga sunni-islam. Sjia-islam og andre teologiske retningar utvikla sine eigne lovtradisjonar. Sjølv om det er merkbare skilnader mellom desse variantane av shariaen, er likevel hovudprinsippa og mange av dei konkrete reglane dei same for alle.

Shariaen er altså ikkje fastlagt i ei felles lovbok, det er ei ukodifisert lov som er utforma i ein omfattande juridisk litteratur. Kjeldene til lova er openberringstekstene i Koranen og hadith-tradisjonane. Dei tidlege juristane brukte ulike tolkingsmåtar (ijtihad), særleg analogiske slutningar, for å formulere allmenne lovreglar på basis av openberringa. Dei kom gjerne til ulike konklusjonar, men dei variantane som oppnådde allmenn semje (konsensus) mellom dei lærde vart då til den regelen muslimane skulle praktisere. I prinsippet er ein lovregel fast når det er oppnådd konsensus rundt han i den enkelte lovskulen, men i praksis kan ein sjå forskjellar i praktisering i ulike periodar og regionar.

Mange historikarar i dag meiner at shariaen utvikla seg meir gradvis. I den første tida styrte kalifane pragmatisk og ulike regionar hadde ulike reglar. Først eit stykke ut i middelalderen, kanskje frå 1000 eller 1100-talet, var systemet med lovskular og ein rettsvitskap basert på openberringa på plass, og det var også heile tida meir variasjon og utvikling i lovsystema enn det juristane ville vere ved.

Strafferett og familierett

Shariaen dekker heile samfunnslivet, både strafferett, handelsrett og familieforhold. I strafferetten skil ein mellom tre typar brotsverk: Fem brotsverk som er omtalt i Koranen blir kalla hudud-straffene. Det er tjuveri, landevegsrøveri, drukkenskap, hor og falsk vitnesmål om hor. Dei har særleg avskrekkande straffer, men også avgrensingar som skal hindre misbruk. Drap og fysisk skade (qisas) blir dømt etter prinsippet om gjengjeldelse, auge for auge og tann for tann, eller ved økonomisk kompensasjon til den skadde. I andre brotsverk enn desse står dommaren friare til å bestemme straffa.

Dei muslimske familielovene speglar av ein sterkt patriarkalsk (manns- eller farsdominert) kultur. Både ekteskap og skilsmisse blir avgjort privat mellom familiane det gjeld, ikkje i domstolane. For ekteskap er medgift (mahr, ein avtalt sum som ektemannen, eller hans familie, gir til kona) eit sentralt tema. Ein mann kan gifte seg med opp til fire koner samtidig. Han kan skilje seg frå kona utan å oppgi grunn, men må da oftast betale ein pengesum i støtte til kona. Kona kan be mannen om skilsmisse, mot å gi frå seg dei økonomiske rettane sine. I nokre lovskular kan ho også vende seg til retten dersom mannen nektar, i andre lovskular er det ikkje rom for dette – det er ein av dei tydelegaste skilnadene mellom Maliki- og Hanafi-skulane.

I før-moderne tid dømte dommarar (qadiar) brotsverk og avgjorde usemjer i eigne sharia-domstolar. Til dette hadde han (det var alltid ein mann!) støtte av ein mufti, ein «lovseiemann» som hadde høg juridisk kunnskap og kunne greie ut, i ein fatwa, kva som var rett lovtolking. Men det var dommaren som dømte, fatwaen var berre ei utgreiing om lovgrunnlaget.

Det var herskaren (kalif, sultan eller tilsvarande) som utnemnde og kunne avsette dommarane. Men han kunne ikkje bestemme kva lova skulle vere, sidan shariaen er Guds lov. I staden hadde sultanen ofte sin eigen domstol (gjerne kalla mazalim eller majlis) i tillegg til sharia-domstolen. Her skulle sultanen styre etter shariaens ånd, men ikkje nødvendigvis bokstav, ikkje minst når det gjaldt dei strenge prosedyrekrava for bevisføring i sharia-retten. Politiet hadde også eigne domstolar for mindre alvorlege saker.

Shariaen gjeld i prinsippet berre muslimane. Kristne, jødar og andre minoritetar kunne styre seg etter sine eigne lover, særleg i familiesaker. Men i ein konflikt mellom til dømes ein kristen og ein muslim var det shariaens reglar som gjeld, og også mellom to kristne frå ulike kyrkjesamfunn. Shariaen var slik den allmenne lova i den klassiske islamske staten.

Shariaen i moderne tid

Dette var, med ulike variasjonar, rettssystemet i dei muslimske landa fram til 1800-talet. Frå rundt 1850 fekk sharia-domstolane stadig mindre å seie, og vart etter kvart erstatta av moderne domstolar etter europeisk mønster. I staden for dei klassiske sharia-lovene dømte desse etter nasjonale lover vedtatt i kvart land (kodifisert lov), desse var også oftast inspirert av europeisk lov. Shariaens strafferett og det meste av økonomisk rett fall derfor bort. Men dei fleste muslimske landa formulerte familielovene sine på grunnlag av det klassiske sharia-systemet, derfor er det i familiesaker shariaen fortsatt har juridisk betydning. Dei fleste moderne statane har likevel modifisert dei på ulike måtar, Tyrkia og Tunisia har i hovudsak avskaffa dei heilt. Sist på 1900-talet har også fleire land, slik som Iran, Afghanistan, Pakistan, og delar av Nigeria gjeninnført klassiske sharia-reglar også i strafferetten, og i Saudi-Arabia og ein del andre Golf-land har klassisk ukodifisert sharia-lov overlevd.

Den delen av shariaen som gjeld bønn, faste og dei andre religiøse rituala er fortsatt viktige. Her er det også nokon mindre forskjellar mellom lovskulane. Muftiar har ikkje lenger plass i domstolane, men er fortsatt religiøse autoritetar som gir råd til dei som ønsker det, om korleis ein kan tilpasse det moderne livet til shariens mål om menneskeleg velferd. I etikken skil ein mellom det som er påbode og det er synd å unnlate (fard), det som er tilrådd men ikkje påbode (mandub), det nøytrale som det korkje er synd å gjere eller la vere (mubah), det fråstøytande som ein bør unngå, men ikkje er synd (makruh) og det forbode som er synd (haram). I rettsvitskapen er det likevel berre det påbode, det forbode og det nøytrale som har betydning.

I nyare tid vil reformistar gjerne skilje mellom Guds hensikt slik det kjem fram i openberringa, og dei konkrete lovreglane som menneska, juristane, utforma i middelalderen. Dei skil mellom ritualreglane for tilbeding, som ikkje er rasjonelt grunngitt og dermed er evige, og reglane for mellommenneskelege forhold. Sidan dei siste er til for menneskets velferd i samfunnet, må dei kunne endrast når samfunnet endrar seg. Dei avgrensar derfor «sharia» til å bety den guddommelege viljen slik berre Gud kjenner den og uttrykte i openberringa. Dei konkrete lovreglane utforma av juristar er berre «fiqh» og kan endrast i tida. Openberringa må tolkast ut frå vår tid. Meir konservative muslimar meiner derimot at dei tidlege juristane var dei som var nærmast til profetens tidsalder, og dermed var dei som best kunne forstå korleis openberringa skulle tolkast. Dei er derfor kritiske til å omfortolke dei klassiske reglane.

Les mer i Store norske leksikon

Kommentarar (2)

skreiv Edvin A.J.H

Det er noe som mangler mener jge i denne artikkelen, ta en titt på denne artikkelen http://www.snl.no/Sharia/Relgion<br /><br />-Edvin A.J.H.

svarte Kjell-Olav Hovde

Hei Edvin. Takk for påpekning og nye forslag. Denne artikkelen kan godt absolutt trenge noen linjer til slik du foreslår i brukerartikkelen. I Snl kan du legge inn endringsforslag til alle artikler når du er logget inn. Trykk "Rediger" i høyremenyen, så kommer du inn i redigeringsmodus. Deretter kan du trykke "Lagre og send inn endringsforslag". Fagansvarlig Kari Vogt vil da få beskjed om at du har foreslått endringer, og det er hun som tar stilling til om ditt forslag (hele eller deler av det) skal bli en del av leksikonet. Brukerartikkelen din vil bli slettet siden det er en dublett.Håper du tar deg tid til å legge inn endringsforslag.Beste hilsen Kjell-Olav

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg